Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Norge er blant dei leiande maritime nasjonar i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg.
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidt i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetanse næringa har behov for.
Fagskulen Vestland, Studiestad Nygård tilbyr studie i maskinoffisersutdanning. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1.
Studiet er to-årig, heiltid, men det er mulighet å avbryte utdanningen etter ett år. Man vil da ha kompetanse for å løse ut M4 og få 60 studiepoeng.
To årig utdanninga gir deg 120 studiepoeng, kompetanse til M1 og mogelegheit til å bygge på til maritim bachelorutdanning.
Maskinoffisersutdanninga har følgande emne som studentane skal igjennom:
- Maskineri.
- Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar.
- Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord.
- Vedlikehald og reparasjonar.
- Skipsteknikk og skipets stabilitet.
- Maritim engelsk.
- Fysikk.
- Matematikk.
- Norsk kommunikasjon.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
- Relevant og bestått utdanning innanfor motormannfag kan telle med inntil to år.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon), planlegging og innanfor logistikk og sjøfart.
- For søkarar til maskinoffisersutdanninga er det krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy.
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.
Sluttkompetanse
- Skipsmotormekanikerfaget
- Motormannfaget
Opptaksinformasjon
Det generelle grunnlaget for opptak er:
- Fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev.
- Gyldig grunnleggende sikkerhetskurs.
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Teknologi- og industrifag
- Skipsmotormekanikarfaget.
- Motormannfaget.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Karrieremuligheter
Etter toårig maritim fagskule kan ein bli maskinoffiser, og med tilstrekkeleg fartstid bli maskinsjef.

