Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Norge er blant dei leiande maritime nasjonar i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidt i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetanse næringa har behov for.
Fagskulen Vestland, studiestad Måløy (høgare yrkesfaglig utdanning) tilbyr studie i maskinoffisersutdanning. Denne fagskuleutdanninga tilfredsstiller både STCW A-III/1 (og B-III/1) og STCW A-III/2 (og B-III/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for maskinoffiser klasse 4, 3, 2 og 1. Studiet er to-årlig og er på heiltid. Utdanninga gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse og mogelegheit til å bygge på til maritim bachelorutdanning.
Maskinoffisersutdanninga har følgande emne som studentane skal igjennom:
- Maskineri.
- Elektriske og elektroniske anlegg og kontrollinstallasjonar.
- Kontroll av skipets drift og omsorg for personer om bord.
- Vedlikehald og reparasjonar.
- Maritim engelsk.
- Fysikk.
- Matematikk.
- Norsk kommunikasjon.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev, anna fagbrev etter individuell vurdering.
Gyldig grunnleggande sikkerhetskurs
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m. Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Sluttkompetanse
- Maritim elektrikerfaget vg3 i bedrift
- Industrimekanikerfaget
- Motormekanikerfaget
- Skipsmotormekanikerfaget
- Motormannfaget
Opptaksinformasjon
Det generelle grunnlaget for opptak er:
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Elektro og datateknologi
- Maritim elektrikarfaget vg3 i bedrift.
-
Teknologi- og industrifag
- Industrimekanikarfaget.
- Motormekanikarfaget.
- Skipsmotormekanikarfaget.
- Motormannfaget.
Karrieremuligheter
Etter toårig maritim fagskule kan ein bli maskinoffiser, og med tilstrekkeleg fartstid bli maskinsjef.

