Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolestudiumStudiepoeng
10.0Semester
Studieform
Nettstudium, samlingsbasertStudietempo
DeltidOppstartsdato
15. januarGodkjenninger
- Nokut
Om studiet
Energirådgjevar er ei kort utdanning på 10 studiepoeng som har hovudtema bygningsfysikk og energiberekning i bygg. Utdanninga gjev innsikt i energiflyt og internlastar, og du får innsikt i dei ulike varme- og ventilasjonsprinsippa.
Med denne utdanninga kan du mellom anna utvikle planar for energirehabilitering basert på variablar som klima, geografi og åtferd/bruk
Undervisningsopplegg
Kurset gjev deg kompetanse som energirådgjevar og du kan søke om oppføring i Enova sitt rådgjevarregister.
Studiet er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grønn omstilling i byggebransjen, ei ny utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grønn omstilling i byggebransjen.
Undervisninga er samlingsbasert med to digitale og ei fysisk samling.
Opptakskrav
Du kan søke studieplass dersom du har
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- feiarfaget
- glasfaget
- pumpefaget
- murarfaget
- røyrleggarfaget
- tekkjarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- ventilasjons- og blekkslagarfaget
- isolatørfaget
- realkompetanse