Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skoleår. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sine studiestadar Austevoll, Måløy og Nygård i Bergen.
Greidd eksamen frå fordjupingsområdet dekksoffiser gjev deg naudsynt kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som krevst for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Det generelle grunnlaget for opptak er fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev.
*Fagoperatør i akvakultur: Dersom søkjaren kan dokumentere D6-sertifikat.
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Naturbruk
- Akvakulturfaget.
- Fiske og fangst.
- Havbruksteknikkfaget.
-
Teknologi- og industrifag
- Matrosfaget.
- Skipsmotormekanikarfaget.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Det er krav til kunnskapar i norsk og engelsk tilsvarande VG2 yrkesfagleg utdanningsprogram samt matematikk og naturfag tilsvarande VG1 på yrkesfagleg utdanningsprogram. Relevant praksis kan vere innanfor mekaniske fagområde (for eksempel verkstad, mekanisk industri, elektroinstallasjon) og innanfor logistikk og sjøfart.
- Det er krav om minimum 36 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy for søkarar til dekksoffisersutdanninga.
Krav til dokumentasjon
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast med attesterte kopiar. Attestar for praksis må vise lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren opplyser at arbeidsforholdet held fram utover dette tidspunktet.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
Sluttkompetanse
- Akvakulturfaget
- Fiske og fangst
- Havbruksteknikkfaget
- Matrosfaget
- Skipsmotormekanikerfaget
Opptaksinformasjon
Du søkjer via Samordna opptak.
Du skal dokumentere:
- Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (matros eller fiske og fangst). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verksted, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.
- For opptak til dekksoffiserutdanningen må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 30 måneder relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).
- Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til vg1 og vg2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
- Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.

