Nøkkelinformasjon
Nivå
Høyere fagskolegradStudiepoeng
120Kostnader
Semesteravgift 650 kr per semester.
Studieform
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Fagskulen Vestland tilbyr studie i dekksoffisersutdanning og maskinoffisersutdanning. Målet med studiet er å utdanna skipsoffiserar med moral, gode haldningar, kompetanse og yrkesetikk.
- Som kjenneteiknar den kvaliteten som krevst for å møte morgondagens utfordringar. Fagskulen Vestland brukar moderne og avansert utstyr i undervisninga, som mellom anna maskinromsimulator, bru- og lastesimulator og radiosimulator.
Studiet går over to år på heiltid, og gjer 120 studiepoeng. Etter avslutta utdanning kan ein bli dekksoffiser eller maskinoffiser, og med tilstrekkelig fartstid bli kaptein eller maskinsjef. Studenten oppnår Høgare fagskulegrad.
Norge er blant dei leiande maritime nasjonane i verda. I dag er mange menneske direkte sysselsett i maritime bedrifter i alle fylker i landet, og verdiskapinga er høg. Eit viktig grunnlag for å oppretthalde og vidareutvikle våre sterke maritime sektorar er at norske skip eigast og drivast frå Noreg. Fagskulen Vestland er landets største fagskule innan maritim utdanning.
Behovet for maritimt personell må sjåast i eit langsiktig perspektiv, der kompetanse og erfaring opparbeidd i jobb på havet òg kan nyttast i landbaserte stillingar. Det vil derfor vere viktig å utvikle gode studietilbod i fagskulen som kan vedlikehalde og vidareutvikle den maritime kompetansen næringa har behov for.
Målgruppe og yrkesmoglegheit
Utdanninga passer for deg som er interessert i en praktisk retta offisersutdanning for den maritime næringen.
Dekksoffiserutdanninga har ei målgruppe på personar som har fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev som matros (Maritime fag), fagbrev som fiskar (Fiske- og fangst) eller med realkompetanse.
Dekksoffiserutdanninga tilfredsstiller både STCW A-II/1 (og B-II/1) og STCW A-II/2 (og B-II/2) og vil saman med nødvendig fartstid gi grunnlag for kompetansesertifikat for dekksoffiser klasse 4, 3, og 2.
1. Etter fullført utdanning, og nødvendig opplæringstid om bord (kadett-tid), vil du kunne segle som navigatør/dekksoffiser på alle skip i verda. Med tilstrekkeleg fartstid vil du også kunne arbeide som skipsførar/kaptein. Kompetansen du opparbeider deg gjennom praksis og fagskuleutdanninga er attraktiv for framtidige jobbar i den maritime næringa som los, inspektør, hos sjøfartsmyndigheitene, klasseselskap eller reiarlag.
Utdanninga gir deg 120 studiepoeng og generell studiekompetanse. Det er moglegheit til å bygge på utdanninga til maritim bachelorutdanning.
Opplæringa dekkjer kravet til teori for dei høgste maritime sertifikata i løpet av opplæringa, i høve til den internasjonale konvensjonen om normer for opplæring, sertifikat og vakthald for sjøfolk (STCW). Ein gjer derfor merksam på dei tilleggskrav om teori, praksis/fartstid, helse og vandel som gjeld for å løyse sertifikat. Helsekrav for offiserar og mannskap som skal tenestegjere på skip er spesifisert i.
«Forskrift om helseundersøking av arbeidstakar på skip» : https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-06-05-805
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
For studiumet Dekksoffiser er relevante fagbrev/sveinebrev som dannar grunnlag for opptak:
Relevante fagbrev er:
- Fiske og fangst.
- Fatrosfaget.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.
Realkompetanse:
Du skal dokumentere:
- realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (matros eller fiske og fangst). Relevant praksis kan være innenfor tekniske fagområder (verksted, mekanisk industri, elektroinstallasjon), teknisk planlegging, logistikk, eller sjøfart.
- For opptak til dekksoffiserutdanningen må den relevante yrkespraksisen bestå av minimum 30 måneder relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy (fiskebåt over 10,67 meter, eller andre fartøy over 15 meter).
- Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til vg1 og vg2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
- Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass.
Søkjarar til maritim utdanning må i tillegg dokumentere bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO60).
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
Sjå Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no for utfyllande informasjon om opptak.
- For søkarar til dekksoffisersutdanninga er det krav om minimum 30 månadar relevant fartstid på sertifikatpliktig fartøy. Relevant og bestått utdanning innanfor matrosfag eller fiske og fangst kan telle med inntil to år.
All praksis, utdanning og andre forhold som skal gje grunnlag for opptak, må dokumenterast. Attestar for praksis må angje lengda på arbeidsforhold, stillingsprosent og arbeidsinnhald. Attestar må vidare vere datert for å kome i betraktning. Attestar reknast berre fram til datoen dei er skrivne ut, sjølv om søkaren sjølv opplyser at arbeidsforholdet fortset utover dette tidspunktet.
Sluttkompetanse
- Fiske og fangst
- Matrosfaget
Opptaksinformasjon
Opptak av studentar til Fagskulen Vestland skjer gjennom Samordna opptak. Dette gir felles kvalifikasjonskrav og reglar for poengutrekning for søkarar frå heile landet. Opptak av studentar skjer berre på grunnlag av poengutrekning og rangering (realkompetanse blir regna om til poeng). Dette gjer det mogeleg å sjå både tall og poengnivå på søkarar ved opptak til kvar fagskuleutdanning.
Søkaren bli vurdert etter poeng. Det skilast ikkje mellom realkompetanse eller formalkompetanse. Ordinær søknadsfrist er 15. april og Fagskulen Vestland har eiga forskrift om opptak til skulen: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2021-09-17-2913
Utdanning til dekksoffiser gir den teoretiske kompetansen som blir kravd for å løyse høgaste sertifikat som dekksoffiser (D1) etter gjeldande krav. Utdanninga går over to skoleår. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sine studiestadar Austevoll, Måløy og Nygård i Bergen.
Greidd eksamen frå fordjupingsområdet dekksoffiser gjev deg naudsynt kunnskap til å løyse sertifikat som styrmann/kaptein, men ein gjer merksam på dei tilleggskrav til teori, praksis/fartstid, helse og vandel som krevst for å løyse sertifikat (Sjøfartsdirektoratet).

