Nøkkelinformasjon
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
60Kostnader
Studieavgift 3.000 kr og Semesteravgift 650 kr semester per semester.
Studieform
Samlingsbasert, nettstudiumStudietempo
DeltidSøknadsfrist
15. aprilGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
Frå 2010 har Noreg hatt eit offentlig studietilbod som utdannar arboristar. Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er framleis aukande, då fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen knytt til oppdrag innan bygg og drift av grøntanlegg med tre.
Utdanninga skal imøtekoma behovet for kompetanse innan fagområdet arborkultur i Norge i dag. Tre er viktige organismar i byar, parkar, kulturlandskapet, hager, bustadsområde, langs vegar osv. Dei er levande organismar med eit langsiktige perspektiv for levealder.
Tre er svært viktig for både miljø og trivsel, men det er utfordringar å få tre til å vekse og utvikle seg godt bygde miljø. Det er difor viktig at det finst fagpersonar som kan rettleia i prosjekteringsarbeidet og som kan ivareta og skjøtte trea på rett måte. Feil handsaming av tre kan få store fylgjer for våre grøntområder, både når det gjelder tryggleik for omgjevnadane, levetida for trea og kostnadar til offentlege grøntanlegg.
Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig.
Etter avslutta og fullført studie vil studenten oppnå tittelen Arborist, med vitnemål på fagskulenivå. Dette inneber at dei kan arbeida innan fagområdet arborkultur. Etter studiet skal arboristane kunne utføra dei fleste arbeidsoperasjonar knytt til tre. Utdanninga dannar grunnlag for å arbeida med tre i både hjå private og offentlege arbeidsstader.
Opptakskrav
Spesielle opptakskrav / øvrig informasjon
Formelle opptakskrav
Det vert stilt krav til fullført vidaregåande utdanning, innan ei av desse retningane:
- Vitnemål som agronom.
- Vitnemål frå studieførebuande naturbruk.
- Vitnemål eller fagbrev som gartnar.
- Fagbrev som anleggsgartnar.
- Fagbrev som skogsoperatør.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle krava, og som har fylt 23 år, kan søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar m.m.
For utfyllande informasjon sjå fagskulen.no eller Forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland, 2022, §2 på www.lovddata.no.
Sluttkompetanse
- Anleggsgartnerfaget
- Gartnerfaget
- Landbruk
- Skogfaget
- Studieforberedende vg3 innen naturbruk
Opptaksinformasjon
Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er anten relevant fag- eller sveinebrev eller treårig yrkesfagleg opplæring.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.
Fagbrev som kvalifiserer til opptak
-
Bygg- og anleggsteknikk
- Anleggsgartnarfaget.
-
Naturbruk
- Gartnarfaget.
- Landbruk.
- Skogfaget.
- Studieførebuande vg3 innan naturbruk.

