Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolegradStudiepoeng
60.0Semester
Kostnader
4000 kr
Studieform
Undervisning ved lærestedet, nettstøttet, desentralisert, samlingsbasertStudietempo
DeltidOppstartsdato
15. januarGodkjenninger
- Nokut
- Lånekassen
Om studiet
RAS (Resirkulerande akvakultursystem) er eit fagskuletilbod på 60 studiepoeng som gjev grunnleggjande innsikt og anvendt kunnskap i biologiske, miljømessige og teknologiske prosesser som er sentrale i landbaserte oppdrettsanlegg.
Det er stadig fleire aktørar innan akvanæringa som planlegg eller har alt bygd oppdrettsanlegg på land for mellom anna laks, aure og kveite. Det er i dag mykje uformell kompetanse i næringa, og behovet for å formalisera kompetansen er uttrykt frå næringa sjølv. RAS-studiet har som mål å gi studentar grunnleggjande innsikt og anvendt kunnskap i biologiske, miljømessige og teknologiske prosesser som er sentrale i landbaserte oppdrettsanlegg.
Utdanninga skal gje forståing av samspelet mellom fisken sin fysiologi, vasskvaliteten, drift av biofilter, og av den tekniske oppbygginga og funksjonen til ulike komponentar i eit RAS-anlegg. Arbeidet med utviklinga av utdanninga er gjort i partnarskap med representer i og runt næringa.