Portør Lars Johannessen

YrkesintervjuPortør favoritt ikon

Portør Lars Dahl Johannessen set pris på ein arbeidsdag prega av kontakt og samarbeid med andre menneske.

Lars Dahl Johannessen
20 år
Portør
Stavanger Universitetssjukehus

Kvifor valde du dette yrket?

- Eg valde å bli portør fordi det virka særs spennande og interessant. Tanken på å kome i kontakt med mange ulike menneske kvar dag, samt variasjonen i arbeidsoppgåver, gjorde dette til eit yrke som passa perfekt for meg.

portor_lars_johannessen_2.jpg

Portør Lars Johannessen i arbeid
Lisens: 
All rights reserved.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

- Yrkeskvardagen min består av ulike transportoppdrag. Eg transporterar pasientar, prøvar og blod, samt at eg byter ut gass ved behov. Me rangerar dei ulike oppdraga i tre ulike alvorsgrader, normal, haste og akutt, og må prioritere ut frå dette. Etter opplæring og kurs kan ein også jobbe som portør i akuttmottaket, og rykke ut dersom hjertestansalarmen går innad på sjukehuset. Portøren som går på akuttmottaket har mange særeigne oppgåver, som til dømes å ta imot luftambulansen og frakte pasienten inn til sjukehuset. Portørane har også ansvar for å transportere reine og ureine senger innad på sjukehuset. Portørane som har ansvar for sengekøyringa har sine eigne vakter.

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

- Ein må ta Vg1 helse- og oppvekstfag. Etter det kan ein velge mellom ambulansefag, helsearbeiderfag eller helseservicefag på Vg2, og etter det gjennomføre to år i lære som portør. Dersom du er over 25 år og har meir enn fem år med relevant praksis, kan ein ta fagbrev gjennom praksiskandidatordninga. Som portør må ein vere sosial, glad i å hjelpe og kommunisere med andre menneske og like fysisk aktivitet. Du må óg ha god fysisk og psykisk helse.

Kven vil du seie ikkje passar til å jobbe innan yrket ditt?

- Arbeidsmiljøet er travelt, så ein må meistre å arbeide under hektiske forhold. Som portør er ein også avhengig av å kunne samarbeide med andre. Dersom ein ikkje er spesielt glad i å samarbeide med andre, er ikkje yrket som portør noko ein bør gå inn i.  

Kva likar du best med yrket ditt?

- Det beste med yrket mitt er at eg møter mange ulike menneske, samt at eg kan bidra i eit jobbsamfunn der tverrfagleg samarbeid er essensielt for å kunne gje pasientane best mogleg behandling.

Kva likar du minst med yrket ditt?

- Eg opplev til tider ein mangel på forståing for kor travelt det kan vere å jobbe som portør.

Kva slags type folk vil du anbefale dette yrket for?

- Ein må utan tvil like å samarbeide og omgi seg med andre menneske, samt vere ein person som trivst under stressande og hektiske situasjonar. Ein kan gjerne vere løysingsorientert og omgjengeleg, samt hige etter ein arbeidsdag der ein brukar kroppen mykje fysisk. Ein må som nemnt vere i god form!   

Kva for andre arbeidsmoglegheiter finst innan yrket ditt?

- For erfarne portørar er det mogleg å få seg jobb som gipsteknikar.

Kva kan ein vente seg i lønn innan yrket ditt?

- Som faglært portør med ti års ansiennitet er grunnlønna 392 000 kroner. 

Korleis ser du på sjansane for å få seg jobb innan yrket ditt?

- Per i dag er det kanskje noko vanskeleg, då portøryrket ikkje er implementert i den kommunale helsetenesta og lite i psykiatrien, men stort sett berre finst på sjukehus. Sjølv skal eg hospitere tre veker innan psykiatrien, og håpar at dette vil bidra til at portøryrket i framtida kan bli eit yrke som også nyttast innan psykiatrien.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Eg transporterar pasientar, prøvar og blod, samt at eg byter ut gass ved behov. 
    • Arbeidsmiljøet er travelt, så ein må meistre å arbeide under hektiske forhold.

Yrkesbeskrivelser