Ortoped Yngve Sporstøl ved Sykehuset Telemark HF

YrkesintervjuOrtoped favoritt ikon

Som overlege blir det ofte lange vakter og lite søvn på ortoped Yngve Spørstøl. Men i arbeidsdagen bidreg han til auka livskvalitet hjå sine pasientar.

Yngve Sporstøl
43 år
Overlege og spesialist i ortopedisk kirurgi
Sykehuset Telemark HF og Ibsensykehuset AS
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli ortoped?

- Ortopedisk kirurgi er eit praktisk fag med mange spennande utfordringar, i god kombinasjon med klinisk retta pasientarbeid. 

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

- Arbeidsdagen min består av operasjon og behandling av brotskadar i ekstremitetane, det vil seie i armar og bein. Eg jobbar også med planlagt kirurgi, som til dømes hofte- og kneprotesar, operasjon i nedre del av ryggen, samt diverse inngrep i hand og fot. Eg gjennomfører dessutan polikliniske konsultasjonar med utgreiing av nye pasientar, samt kontroll og etterbehandling. 

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli ortoped? 

- Medisinstudiet tek seks år, før ein så gjennomfører turnusteneste på 1,5 år. Ein gjennomfører så spesialutdanning over minst seks år med krav til undervisning, rettleiing, kurs og operativ erfaring. 

Som ortoped er det ein fordel å like praktisk retta arbeid, samt ha evna til å takle utfordringar og ein hektisk kvardag. 

Kva er det beste ved yrket ditt? 

- Det beste med yrket er å kunne bidra til at pasientane får ein betre livskvalitet. Det er givande å vite at grepa du sjølv gjennomfører, bidreg til at pasienten ikkje får seinplager av skadane vedkommande har pådratt seg. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt? 

- Eg arbeidar lange vakter, og det kan til tider bli lite søvn. Det er heller ikkje alltid så enkelt å måtte arbeide i helger eller på høgtidsdagar. Komplikasjonar ved kirurgi er også ein del av kvardagen, og dette må ein lære seg å handtere. 

Kva andre arbeidsområde / moglegheiter finst innan yrket ditt? 

- Som ortoped arbeidar ein fyrst og fremst på sjukehus, der ein utfører operasjonar eller andre behandlingsalternativ. Ein kan eventuelt arbeide i det private, den private marknaden er stor og sjansen for å få seg jobb er god. 

Kva løn kan ein vente seg innan yrket? 

- Grunnløna ligg på om lag 700 000 kroner.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt? 

- Det vil alltid vere behov for ortopedar. Jobbmoglegheitene vil avhenge av kor mange studentar som vert utdanna, samt kor mange som vel denne spesialiteten. 

yngve_sporstol_og_kollegaer_-_ortoped.jpg

All rights reserved.
    • Det beste med yrket er å kunne bidra til at pasientane får ein betre livskvalitet.
    • Som ortoped må ein ha evna til å takle utfordringar og ein hektisk kvardag.
    • Grunnløna ligg på om lag 700 000 kroner.
    • Det vil alltid vere behov for ortopedar.

Yrkesbeskrivelser