Modist Mona Strand

YrkesintervjuModist favoritt ikon

Hattedesignar Mona Strand har alltid likt å ta i bruk fantasien.

Mona Strand
50 år
Modist / Hattedesignar
Eige atelier med utsal: Mona Strand hatter og hodebekledninger
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli modist?

- Eg har alltid likt å bruke fantasien gjennom form og farge, klipping og liming. I tillegg har eg alltid likt praktisk arbeid, så eg utdanna meg fyrst til å bli frisør. Etter ei tid vart eg imidlertid allergisk av kjemikaliane i hårprodukta, og måtte dermed omskulere meg. Eg valde teikning, form og farge, med tekstil og klesformgiving. Etter det søkte eg og kom inn på Kunsthøgskulen, på instituttet for klede og kostymar. Eg vart gradvis meir interessert i hovudplagga som utgjorde kvart enkelt kostyme. På den måten kom eg i kontakt med "the grand old lady" innan modistfaget, May Aubert. Eg arbeidde ei tid som assistent for ho medan eg gjekk på kunsthøgskulen, der eg fordjupa meg i "skulpturelle hattar".

Modist Mona Strand sitt arbeidsutstyr og material

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av?

- Eg arbeidar hovudsakeleg med to ting parallelt; kundesaum på den eine sida, og kunstprosjekt på den andre. Kundesaum inneber å snakke med kundar som ringjer og bestiller time. Dei kjem så direkte til meg i hattebutikken, og der snakkar me om ulike typar løysningar. Me arbeidar oss fram til ei hatteform som kunden kler, før eg så utformar hatten, og kunden til slutt kjem og prøver det ferdige resultatet, der me eventuelt utfører visse endringar. I den andre halvdelen av yrket mitt arbeidar eg med ulike kunstprosjekt, som då handlar om å eksperimentere med kreative prosessar. Eg arbeidar då opp mot galleri og museum, samt gjerne i samarbeid med dei som arbeidar der. Eg arbeidar også med visningar, så eg utviklar prosjekt i samarbeid med kunstkonsulentar, stylistar, fotografar, musikarar og kostymesjefar.  

Kva utdanning og kvalifikasjonar bør ein ha for å bli modist?

- Ein kan velge mellom fleire vegar fram mot målet, og min veg har vore noko annleis, ettersom eg også valde å bli kunstnar. Det vanlegaste her i landet, er at ein går ei vidaregåande linje innan form og saum. Ein fullfører så to år som lærling, før ein til slutt tek sveinneprøven. Ei anna spennande rute, som eg absolutt vil anbefale, er at ein kan reise til utlandet, t.d. Gøteborg og Tillskarakedemin, der ein kan gå på ei toårig modistlinje.

Som modist bør ein meistre handverk og saum, vere kreativ med form og farge, ein må ha evna til å vere i dialog med kundane ein møter, samt klare å tolke deira ynskjer. Som modist må ein vere ein menneskekjennar. Evna til å samarbeide, samt tolmod, er også viktig. I handverksarbeidet er det også viktig at ein er nøyaktig. Det er særs artig å møte kundar og ta på seg oppdrag, men det krev også disiplin og orden.

Kva er det beste ved yrket ditt?

- Det beste med å vere modist er at eg kan legge opp arbeidsdagen min slik eg sjølv ynskjer. Som modist kan du vere din eigen herre! Dette gjeld iallfall meg sjølv, som arbeidar innan eit enkeltmannsføretak. I tillegg er det inspirerande og kjekt å møte nye kundar i løpet av arbeidsdagen.

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

- Eg har ikkje så mykje å utsetje på yrket mitt. Men det kan vere vanskeleg at material og treformer, altså modistens vanlegaste verkty og utstyr, ikkje alltid er så enkelt å få tak på i Noreg. Eg bestiller vanlegvis material og utstyr frå utlandet, og då veit ein ikkje farge, form og kvalitet før ein får det i hendene.

Mona Strand hatter og hodebekledninger

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innan yrket?

- Som modist kan ein gjerne jobbe ved teater eller opera, men også innan TV og film. Ein kan t.d. kombinere yrket med å arbeide som kostymemakar, klesdesignar, lærar eller andre kreative yrke.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt?

- Dette er veldig individuelt. Jobbar ein innan ein institusjon, får ein lønn etter tariff. Jobbar ein for seg sjølv i eit enkeltmannsføretak, tener ein naturleg nok ut frå antal oppdrag, kor mange kundar ein har og storleik på prosjektet.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

- Per i dag er det ikkje mange modistjobbar som lysast ut, men på same tid er det heller ikkje mange her i landet som har denne kompetansen. Derfor er det bra at fleire vel å utdanne seg til å bli modist. Sjansane for å få seg jobb aukar dessutan ved at ein har ein anna utdanning eller kompetanse i tillegg til modistutdanninga.

 

Tekst: Sigrid Hesjevoll

    • Som modist kan du vere din eigen herre!
    • Som modist kan ein gjerne jobbe ved teater eller opera, men også innan TV og film.

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser