Konservator

– Som konservator bør ein difor ha ei interesse og forståing for både det materielle ved gjenstanden, og meiningsinnhaldet, og dessutan fagfeltet den inngår i, seier Tone.
En smilende dame med mørkt hår. Bildet er i sort-hvitt.
Tone Wolff Kalstad, 43 år
Malerikonservator
Nasjonalmuseet
«Som konservator må ein stundom gripe inn fysisk i gjenstanden for å bevare den. Då er det viktig å både forstå gjenstanden materielt og konteksten den verkar i, for å unngå å forandre den på ein måte som fører til at den mistar noko av funksjonen eller den estetiske, kulturelle og historiske verdien sin.»
― Tone Wolff Kalstad
Tekst og foto:
Sigrid Hegge Eriksen
Publisert: 12.06.2026
«Som konservator må ein stundom gripe inn fysisk i gjenstanden for å bevare den. Då er det viktig å både forstå gjenstanden materielt og konteksten den verkar i, for å unngå å forandre den på ein måte som fører til at den mistar noko av funksjonen eller den estetiske, kulturelle og historiske verdien sin.»
― Tone Wolff Kalstad
«I dette yrket kan eg i eitt og same prosjekt jobbe praktisk, fundere på korleis ei behandling skal kunne løysast kjemisk, og samstundes tygge på ei kunsthistorisk nøtt.»
― Tone Wolff Kalstad

Kvifor valde du å bli konservator?

– Etter fleire år som biletkunstnar sakna eg det å jobbe med kunst, men på ein måte som ikkje hadde mine eigne idear og impulsar som omdreiingspunkt. Då eg fann ut at ein kunne ta utdanning som konservator i Oslo, søkte eg med det same. 

Eg skjønte fort at eg var kommen på rett stad då eg tok til på studiet. Sjølv om det av og til kjennast som at eg har teke ein omveg og «kasta vekk tid» på vegen til å bli konservator, så opplev eg samstundes at bakgrunnen min som biletkunstnar er verdfull for meg no som konservator. 

Som kunstnar har eg trena blikket mitt, tileigna meg erfaring med ulike material og teknikkar, og eg har fått kjennskap til kunstfeltet. Desse erfaringane bidreg til ei forståing av gjenstandane eg jobbar med som målerikonservator. 

Som konservator må ein stundom gripe inn fysisk i gjenstanden for å bevare den. Då er det viktig å både forstå gjenstanden materielt og konteksten den verkar i, for å unngå å forandre den på ein måte som fører til at den mistar noko av funksjonen eller den estetiske, kulturelle og historiske verdien sin.

Image
En dame med mørkt skulderkort hår står ved et maleri og bruker en liten børste på overflaten. I bakgrunnen vises et rom med forskjellig typer kunstutstyr.
Foto: Privat

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– I stillinga mi som målerikonservator har eg fleire ulike arbeidsoppgåver og ansvarsområde. På museet er vi fleire konservatorar med både ein del felles og ulike ansvarsområde. Mine arbeidsoppgåver kretsar primært rundt førebuing av utlån, utstillingar og vedlikehald av utstillingane. Korleis arbeidsdagen min utfoldar seg er avhengig av kva prosjekt eg er ein del av, og kvar i prosessen vi er. 

Ved utlån må eg sjekke at verket er stabilt nok til å tole handtering og transport og kartlegge behov for behandling. Eg må òg sørge for at verket sin tilstand er tilstrekkeleg dokumentert med tilstandsrapportar og fotografi, og dessutan planlegge korleis måleriet bør pakkast og handterast. 

Transport og handtering utgjer ein risiko for at det kan oppstå nye skadar i eit verk. Difor må vi konservatorar ofte bli med verket og vere med under montering på institusjonen som skal låne verket. Då er vår rolle å påsjå at verket blir forsvarleg montert, og dessutan å sjekke om det har oppstått nye skadar under transporten eller under utstillingsperioden.

I arbeidet med utstillingar samarbeider eg med fleire av dei andre faggruppene ved museet, som for eksempel kurator, utstillingsarkitekt, fotograf, utstillingsteknikk, registrar og prosjektleiar. I likskap med utlån går mesteparten av arbeidet med utstillingar ut på å sjekke tilstanden til verka som skal med på utstilling og å behandle dei, men her er vi òg involverte i planlegginga av utstillinga. 

Behandlingane eg utfører, kan vere alt frå å reinse måleri for overflatesmuss, lime lause fargeflak, eller å retusjere område der dei originale fargelaga har gått tapt. Som konservator ynskjer eg å gripe minst mogeleg inn i verket. Samstundes må eg gjere det som er naudsynt for at det ikkje skal oppstå meir skader og tap i område som er ustabile. Dette krev at eg må skreddarsy kvar behandling og nytte konserveringsmaterial som er kompatible med den unike kombinasjonen av material og overflate som verket som eg skal behandle har. 

Livet som konservator byr òg på kvardagslege oppgåver som å tørke støv av verka som heng i utstillingane medan museet er stengt. Det kan høyrast ut som ei litt kjedeleg oppgåve, men eg kjenner meg veldig privilegert som får gå rundt i utstillingane nesten heilt for meg sjølv, og komme heilt nær innpå verka.

Kva krevjast for å kunne jobbe som konservator? 

– For å kunne jobbe som konservator er det som regel eit krav om ein mastergrad i konservering. I Norge er det berre Universitetet i Oslo (UiO) som tilbyr dette, og det er her eg har teke utdanninga mi. Utdanninga ved UiO består av ein bachelorgrad i Kulturarv og konservering og ein mastergrad i enten måleri- eller gjenstandskonservering. 

Bachelorgraden er stort sett teoretisk med fokus på preventiv konservering, etikk, konserveringshistorie og materialhistorikk. Mastergraden er både praktisk og teoretisk og ein lærer blant anna ulike analysemetodar, å identifisere ulike typar skadar, og å utføre behandlingar. Om ein ynskjer å bli konservator i ei anna materialgruppe, som for eksempel papir, må ein studere utanlands.

Kven passar dette yrket for, og kven passar det ikkje for?

– Konservering er eit samansett fag med ein fot i naturvitskapen og ein i humaniora, og er både praktisk og teoretisk. Som konservator bør ein difor ha ei interesse og forståing for både det materielle ved gjenstanden, og meiningsinnhaldet, og dessutan fagfeltet den inngår i. I tillegg bør ein både trivast med å jobbe praktisk, og ha ei forståing for det teoretiske. Ein bør òg vere grunnleggande nysgjerrig, og heile tida stille spørsmål til kva ein gjer og korleis dette påverkar verket ein konserverer. 

Kva liker du best med å vere konservator?

– Det eg likar best med å vere konservator er nettopp det at det er fagleg samansett. I dette yrket kan eg i eitt og same prosjekt jobbe praktisk, fundere på korleis ei behandling skal kunne løysast kjemisk, og samstundes tygge på ei kunsthistorisk nøtt.

Kva liker du minst?

– Som i mange andre stillingar kan det stundom vere mykje å gjere og at det oppstår tidspress. I slike periodar er det ikkje alltid tid til å utføre dei mest tidkrevjande behandlingane. Då må ein kanskje inngå eit kompromiss og velje ei behandling som tek kortare tid å utføre. Sjølv om skaden blir stabilisert på ein god måte, kan det vere litt frustrerand at ein ikkje fekk tid til å gjere det på den handverksmessige beste måten.

Image
En dame sitter ved et bord med en forstørrelsesglass-maskin og titter på et maleri som ligger på bordet. I bakgrunnen vises en stolgruppe og andre verktøy innen kunstfag i et rom med skap  og kontorrekvisitta.
Foto: privat

Kva andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– Som konservator kan ein velje fleire vegar i arbeidslivet. Ein kan ha ein privat praksis, jobbe som frilansar eller vere tilsett ved ein institusjon eller bedrift. Ein kan òg ta jobbar som er praktiske eller der ein har ein meir rådgjevande funksjon.

Kva kan man forvente i lønn som konservator? 

– Dette har eg inntrykk av at varierer i stor grad og blir påverka av både geografi, ansiennitet, utdanningsgrad og om ein er lønnsmottakar eller har eiga bedrift. Ifølge Nordisk konservatorforbund Norge (NKF-N) si lønsundersøking i 2024 kan det sjå ut til at konservatorar ligg rett oppunder norsk gjennomsnittsløn.

Korleis er sjansane for å få jobb som konservator?

– Som nyutdanna konservator kan det vere lurt å budsjettere med at ein dei første åra må jobbe i midlertidige engasjement og prosjekt før ein får ein fast jobb. Om ein har mogelegheit til å flytte litt rundt på seg etter at ein er ferdig å studere, er det ein stor fordel på arbeidsmarknaden.