Fotterapeut

– Som fotterapeut bør du vere ein utprega omsorgsperson og genuint interessert i å gi pasienten din betre fothelse, seier Stine Odberg Gaardløs.
Portrett av Stine Odberg Gaardløs
Stine Odberg Gaardløs, 42 år
Fotterapeut
Egen klinikk i Sandefjord
Intervjuet er mer enn to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter intervjuet ble publisert.
«Du må vere litt kameleon – kunne prate om noko med alle, og speile personen du har i stolen. Og så må du vere genuint interessert i å gi mennesket framfor deg betre fothelse.»
― Stine Odberg Gaardløs
Intervju:
Signe Steinnes
Publisert: 17.11.2020
«Du må vere litt kameleon – kunne prate om noko med alle, og speile personen du har i stolen. Og så må du vere genuint interessert i å gi mennesket framfor deg betre fothelse.»
― Stine Odberg Gaardløs
«Det er eit veldig takknemleg yrke, for du ser med ein gong korleis du kan lindre smertene til pasienten – og får så mykje anerkjenning når dei får det betre. Det er så godt å kunne hjelpe! »
― Stine Odberg Gaardløs

Kvifor valde du dette yrket? 

– Eg jobba med marknadsføring og sal i ei stor mediebedrift i mange år, men syntest det var litt for hektisk å kombinere med småbarnslivet. Eg hadde lyst til å jobbe med menneske på ein heilt annan måte, og å vere i eit omsorgsyrke. Tidlegare hadde eg jobba som fotsoneterapeut, og då var vegen kort til fotterapeut, kor eg såg større moglegheiter til å gjere det til eit levebrød, fordi du då er autorisert helsepersonell. Eg er veldig sosial, men ønska ein jobb kor eg kunne vere min eigen sjef og styre kvardagen sjølv – og bytta derfor beite som 38-åring.

Image

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Første pasient kjem hit klokka 10. Eg begynner førebuingane i halv titida, kor eg startar alle maskinar, gjer klart utstyr, desinfiserer flater, ser over journalane til første pasient som kjem og dagens bookingar, og gjer det hyggeleg med lys og duft. Så er eg klar for ein variert arbeidsdag. Eg har stort sett fire–fem pasientar per dag – det er nok for meg som er småbarnsmor. I sommar hadde eg sju–åtte om dagen, men det er hektisk. Kvar pasient er her 45–60 minutt, litt etter kor mykje som trengst å gjerast. Etter kvart kjenner du foten og har det litt i fingrane, men er det ein ny pasient, bruker eg gjerne lengre tid på å bli kjent med føtene. På første time treng du også litt ekstra tid til å skrive digital journal, som er obligatorisk. 
Vanlege behandlingar er fjerning av hard hud ulike stader på foten, liktorn, neglsopp og inngrodde negler. Det er like mange kvinner som menn, og dei fleste er mellom 35 år og 70 pluss. Men eg har også nokre barn og ungdom som får plager i forbindelse med idrett – tronge, klamme sko kan gi problem. Mange pensjonistar går mykje tur, og går til jamlege behandlingar her for å oppretthalde livskvaliteten. Då kjem dei fast kvar 6.–7. veke. 

Eg tilpassar også solar, og gir råd om sko, solar, fotøvingar og kremar for å førebygge årsakene til symptoma – ikkje berre behandle problema. 

Eg er ferdig klokka 16 dei fleste dagane, men på måndagar har eg opent frå klokka 15 til 20. Då får dei som er jobb på dagtid og ikkje kan kome seg unna, moglegheit til å få behandling. Det er også eit godt tips til dei som startar opp sjølv, for å nå fleire kundar. 

Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?

– Du kan ta utdanninga som eit vidaregåande løp – då går du VG1 Helse- og oppvekstfag, VG2 Fotterapi og ortopediteknikk og VG3 Fotterapi. I tillegg kan du ta utdanninga privat, deltid eller fulltid. Sjølv tok eg eit deltidsstudium over to år. 

Når du har eigen klinikk, må du også investere i utstyr i oppstarten – men det lønner seg å ta det litt gradvis, og sjå an kva du treng etter kvart. Samtidig er det viktig at du har bra utstyr, god atmosfære i klinikken og proffe skilt, for å gi kundane eit godt inntrykk. Ein god arbeidsstol er også veldig viktig, for du skal halde i dette yrket lenge. I denne jobben sit du mykje og jobbar mykje statisk med dei same bevegelsane om og om igjen. For å unngå belastningsskadar og halde kroppen sterk, bør du også trene styrke. 

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må vere ein utprega omsorgsperson, og vere glad i og nysgjerrig på menneske. Vi jobbar veldig mykje med kommunikasjon, så det er ein fordel å vere sosial og utåtvend, og kunne handtere ulike situasjonar. Du møter mange menneske, både unge og gamle, som kan reagere på ulike måtar, og som du må kunne takle. Du må vere litt kameleon – kunne prate om noko med alle, og speile personen du har i stolen. Og så må du vere genuint interessert i å gi mennesket framfor deg betre fothelse. Dei fleste fotterapeutar er sjølvstendig næringsdrivande, og då bør du også vere strukturert og effektiv, for det er mykje å halde styr på med både økonomi, marknadsføring, innkjøp, logistikk, reingjering og HMS. Det hjelper også om du ha eit brennande ønske om å drive for deg sjølv. 

Når du driv aleine, anbefaler eg å vere medlem av eit forbund, slik at du treff kollegaar på samlingar og får eit lokalt fellesskap. 

Kven passar ikkje jobben for? 

– Viss du ikkje glad i folk, og ikkje klarer å stille deg til ulike typar menneske, er det vanskeleg å jobbe med dette. Det passar heller ikkje om du er lite strukturert, sidan dei fleste driv for seg sjølv. 

Kva liker du best med yrket ditt?    

– Det er eit veldig takknemleg yrke, for du ser med ein gong korleis du kan lindre smertene til pasienten – og får så mykje anerkjenning når dei får det betre. Det er så godt å kunne hjelpe! 

Eg føler i tillegg mykje fridom i jobben, fordi eg er min eigen sjef, og også fordi eg har klinikken i kjellaren i mitt eige hus. Det er spennande å drive for seg sjølv, og det gir ein meistringsfølelse når du får det til. 
Eg er også utdanna grafisk designar og er opptatt av form og farge – og synest det er veldig gøy å bygge opp heimesider, drive med marknadsføring og innreie klinikken for å skape ein god atmosfære. 

Kva liker du minst med yrket ditt?    

– Eg har ikkje ein eigen jobbtelefon, og blir kontakta til alle døgnets tider – også fredags kveld og søndags formiddag. Med tanke på at eg har familie og småbarn, passar ikkje det alltid så bra. Då må du sette grenser for deg sjølv, og vere flink til å skilje mellom arbeid og privatliv – og ikkje svare utanom arbeidstida di. 

Image

Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?   

– Du kan vidareutdanne deg innan «diabetesfoten», som er ein vanlege fotplage for diabetikarar. Då kan du bli ein del av eit diabetesteam på eit sjukehus eller ein sjukeheim. Du kan også gå vidare innan biomekanikk og lage individuelle solar, basert på smertebildet i foten. Men dei aller fleste fotterapeutar er sjølvstendig næringsdrivande.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Det er individuelt, basert på kor i landet du bur – du kan ta høgare timepris i Oslo enn her i Sandefjord, kor eg ligg på 650 kroner timen. Det kjem også an på kor mykje du ønsker å jobbe, og kor mykje du sel av tilleggsprodukt. Eg tener mellom 400 000 og 500 000 i året.

Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket? 

– Dei fleste fotterapeutar driv for seg sjølv – med mindre du kjem inn i eit diabetes-team på eit sjukehus eller ein sjukeheim. 

Så lenge du har gutsen til å starte sjølv, er sjansane gode. Eg anbefaler også å ha ein praksisplass under studiane for å sjå korleis yrket fungerer. Du må berre kaste deg uti det, og ikkje vente på å bli tilsett ein stad.

Viss du står på litt og bygger stein på stein, får du det til. Gjer du ein god jobb, kjem kundane igjen og igjen, og då går også jungeltelegrafen. Det er den beste marknadsføringa du kan få.