Portrettfoto av Anders Hasmo

YrkesintervjuDramaturg favoritt ikon

– Eg elskar premierar. Plutseleg går teppet opp, publikum blir stille og vi er der – i eit levande «her og no», seiar Anders Hasmo.

Anders Hasmo
32 år
Dramaturg
Det Norske Teatret, Oslo

Kvifor valde du dette yrket?

– Frå eg var liten har eg alltid hatt lyst til å arbeide med teater. Eg starta i amatørteater da eg gjekk i sjuande klasse og var med til eg var ferdig på musikk, dans og drama på vidaregåande. Etter ei praktisk-pedagogisk teaterutdanning forstod eg at eg sakna meir teori og eit meir konsentrert fagleg fokus. Etter fullført bachelor der eg hadde fylgt eit drama- og teaterprogram på ein høgskole, kombinert med einskilde emne på universitetet, tok eg ein mastergrad i dramaturgi. Der fekk eg vere praktikant ved eit stort norsk teater og opplevde at arbeidsoppgåvene og arbeidsforma var noko for meg.

img_6300_1.jpg

Anders Hasmo sitt i ein tom teatersal. Han har på seg kvit skjorte og ser mot scena.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva oppgåver består arbeidsdagen din av?

– Dramaturgar har mange ulike arbeidsoppgåver. Ein jobbar med å finne nye tekstar og samtalar med regissørar, skodespelarar og andre avdelingar. Du er ein del av teatersjefens «stab» og er kunstnarleg tilsett. Teatersjefar nyttar dramaturgane sine på litt ulike måtar. Der eg jobbar no, på Det Norske Teatret, er vi fire dramaturgar, medan ein på eit mindre teater, gjerne jobbar åleine. Slik eg ser det, er det er luksus å ha eit fagleg kollegium der ein har mange å sparre med. Det betyr også at vi fungerer som ei avdeling der vi deler oppgåver og diskuterer ulike problemstillingar.

Når eg skal forklare yrket mitt plar eg seie at eg er «rådgjevar» i ordets rette forstand, ein kunstnarleg rådgjevar for teatersjefen. Eg bidrar til å realisere visjonane til teateret hovudsakleg med å finne nye scenetekstar og skodespel som vi kan oppføre. Eg følgjer òg med på kva som skjer i teaterfeltet og kjem gjerne med forslag på kva regissørar eller forfattarar teateret bør engasjere.

Når vi utviklar nye scenetekstar er eg redaktør for forfattaren, og om ein tekst blir omsett frå eit språk til eit anna jobbar eg med omsetjaren. Når teateret har bestemt seg for å spele ein tekst, er eg med og utviklar det sceniske konseptet, vinklinga, saman med det kunstnarlege laget og følgjer opp i prøvetida saman med skodespelarane. Eg sit ikkje på prøvar kvar dag, men følgjer med og er instruktøren sin samtalepartnar og medspelar. Samstundes prøver eg å passe på at prosjektet blir utvikla konsekvent i høve til intensjonane.

Ingen prøveprosessar er like. Nokre prosjekt følgjer eg veldig tett, medan eg andre gonger berre er på leseprøven og i oppkøyringa mot premiere. Eg plar seie at det viktige er å vere auge utanfrå og innanfrå på same tid. Eg skal kunne sjå det slik publikum forstår det og på same tid sjå korleis det vi har jobba med og tenkt kan kommunisere best mogleg. Elles er det naturleg at ein dramaturg tar på seg administrative oppgåver knytt til klarering og avtalar med opphavspersonar.

Kva utdanning og/eller kvalifikasjonar er nødvendig for å bli dramaturg?

– Sjølv studerte eg bachelor i drama- og teaterkommunikasjon ved Oslomet. Da eg sakna litt teori tok eg ulike emne i estetisk filosofi, teaterhistorie og teaterpolitikk ved Universitetet i Oslo. Etter det søkte eg meg til masterprogrammet i dramaturgi ved Aarhus Universitet.

I Noreg finst det inga rein dramaturgutdanning. Tradisjonelt har dramaturgar komme inn i teateret via litteratur eller språkfag frå universitetet. Dei siste åra har ein sett ei endring, der fleire og fleire har mastergradsutdanning i teatervitskap eller mastergrad i dramaturgi frå Noreg eller Danmark. Det finst og fleire utdanningar andre stader i verda. Det finst dramaturgar som jobbar frilans og dramaturgar som jobbar ved institusjonsteater.

Det kan vere ein fordel å kunne fleire språk og ikkje minst må du ha eit brennande engasjement for teater. Du bør vere samfunnsengasjert og ha evna til å begeistre og bli begeistra.

Kven passar ikkje dette yrket for? 

– Eg trur du skal ha tolmod til å lese lange teatermanus og bøker, sjølv om du kanskje ikkje hadde kjøpt dei sjølv. Sidan teater blir spelt når publikum har fri og god tid så må ein rekne med ein del kveldsarbeid, men ikkje så mykje som skodespelarar. 

Kva er det beste ved yrket ditt?

– Eg elskar når det nærmar seg premiere. Alle på teateret er nervøse og på tå-hev for å bli ferdige. Kanskje må vi justere på ein scene, kanskje tvilar vi på heile prosjektet eller vi lurer på om alle kjem til å hugse alt dei skal gjere. Og plutseleg når teppet går opp og publikum blir stille! Så er vi der – i eit levande «her og no». Da er eg ekstra glad i jobben min. Teater er ei kollektiv arbeidsform der alle får prege prosessane med den dei er og det dei vil. Eg trivst godt i eit slikt fellesskap der alle jobbar mot det same målet, nemleg å gi publikum godt teater.

Kva misliker du mest ved yrket ditt?

– Mange trur at dramaturgar skal vite alt og ha lese alt, så av og til kjenner eg at eg skulle hatt meir tid til å lære meg «alt». Har du lese alt Brecht eller Shakespeare har skrive, så burde du jo òg eigentleg ha lese det på originalspråket.

fridomens-vegar-det_norske_teater._dramaturg.jpg

Frå scenen på stykket "Fridomens vegar" der Anders Hasmo var dramaturg.
Lisens: 
All rights reserved.

Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?

– Du må kunne gå ganske djupt ned i mange ting på ein gong, og stadig leve med at du ikkje kjem djupt nok. Kanskje førebur du eit prosjekt som startar prøvar om to veker, men dramatikaren har enno ikkje klart å løyse den siste scenen i stykket. Samtidig jobbar du med ein klassikar på scenen og om tre veker bør du ha lese gjennom mykje ny dramatikk fordi du skal legge fram konkrete forslag for teatersjefen. Du bør ha eit samfunnsengasjement og eit breitt interessefelt der du evnar å bli begeistra og engasjert – og du må kunne engasjere og begeistre andre.

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innanfor ditt yrke?

– Eg trur at dramaturgar har mange moglegheiter, men at du sjølv må finne arenaer der du kan nytte fagkunnskapen din. Ein kan nok arbeide med manusutvikling til film, tv, reklame, internett. Kanskje kan ein òg bli freista til å skrive tekstar sjølv eller utvikle spennande tverrfaglege kunstprosjekt. Fleire dramaturgar har blitt teatersjefar.

Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?

– Jobbar du i ein teaterinstitusjon tener du frå 490 000 til 650 000 kroner i året. Om ein er frilans dramaturg kan ein vente seg 40 000 til 80 000 kroner per prosjekt.

Om du les eit manus og skal uttale deg om det kan du vente alt frå 500 til 2500 kroner.

Korleis ser du på sjansane for å få jobb innan dette yrket?

– Eg trur det kan vere vanskeleg å få jobb på eit institusjonsteater med ein gong. Men jobbar du frilans og er villig til å ta på deg ulike oppdrag som tekstkonsulent, manusvaskar, sitte i ein tekstjury, skrive nokre artiklar og sakte, men sikkert bygger deg eit nettverk med forfattarar og regissørar, så trur eg at du får nok å gjere. Men mykje kjem an på dine eigne ambisjonar. 

 

 

Tekst:
Bente Haraldstad Delmas
    • Sjølv studerte eg bachelor i drama- og teaterkommunikasjon ved Oslomet.
    • Du skal ha tolmod til å lese lange teatermanus og bøker, sjølv om du kanskje ikkje hadde kjøpt dei sjølv.
    • Eg trivst godt i eit slikt fellesskap der alle jobbar mot det same målet, nemleg å gi publikum godt teater.

Yrkesbeskrivelser