Kvifor valde du dette yrket?
– Då eg gikk førskolelærarstudiet, fekk eg interesse for språk og kommunikasjon. Eg ønska å utdanne meg vidare, og undersøkte kva for nokre moglegheiter som fanst. Då eg las om audiopedagogikk-studiet på Universitetet i Oslo sine nettsider, skjønte eg at dette kunne vere noko for meg. Studiet innebar både emne om språk, kommunikasjon og hørselsrelaterte utfordringar. Eg fekk høyre at det var moglegheit for praksis på Rikshospitalet, kor vi skulle få vere med på ein CI-operasjon (implantat for døve eller menneske med sterkt nedsett hørsel, red.anm.), noko som verka veldig spennande – og det var det! Ikkje minst opna det også for å kunne jobbe med menneske i alle aldrar.
Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?
– Her ved Myrene skole har vi ei eiga hørselsavdeling, og hørselsklassar med elevar frå mange ulike kommunar. Vi har også elevar som har flytta til området for å gå på skolen her.
Eg arbeider som kontaktlærar for fire elevar på sjuande trinn. Alle elevane har sine hørselsrelaterte utfordringar. Eg underviser i dei fleste faga, og undervisninga føregår på norsk med teiknstøtte, eller på norsk teiknspråk.
Eg har også audiopedagogisk trening med elevar. Dette inneber artikulasjonstrening, altså øving på uttale, og eg arbeider for at elevane skal få utnytte hørselsresten sin best mogleg. Vi har elevar både med CI (cochlea-implantat), BAHA-apparat (beinforankra høyreapparat) og vanlege høyreapprat.
Vi har såkalla bunden arbeidstid 33 timar i veka, kor vi må vere til stades på arbeidsplassen. Dette inkluderer møtetid. I ein 100 prosent stilling som kontaktlærar har eg 36 halvtimar med undervisning i veka. Dette fungerer veldig bra for meg, fordi eg får moglegheit til å hente litt tidlegare i barnehagen, og heller arbeide med planlegging av undervisning på kvelden når sonen min er lagt.
Kva krevst for å kunne jobbe med dette yrket?
– Du må først ha bachelor som spesialpedagog, barnehagelærar eller lærar. Vidare krevst det master i spesialpedagogikk, med fordjuping i audiopedagogikk.
Kva slags type folk vil du anbefale denne jobben for?
– Sidan du arbeider tett på menneske, er det viktig å ha evna til å sjå den enkelte personen, og i mitt tilfelle den enkelte eleven, og møte dei der dei er. Du må også ha evna til å observere og vurdere fortløpande. I tillegg er det viktig å ha fagkunnskapen, og vere trygg på faga du skal undervise i, i tillegg til å ha formidlingsevner. Du bør også ha evna til å få kontakt med mange ulike typar menneske – du skal jo også ha eit foreldresamarbeid. Vi arbeider nok endå litt tettare med føresette enn det vanlege lærarar gjer.
Kven passar ikkje jobben for?
– Utolmodige typar.
Kva liker du best med yrket ditt?
– Det å få arbeide tett med både barn og vaksne. Eg synest også at feltet som er knytt til hørsel, er veldig spennande. Det eg liker veldig godt med å arbeide i skolen, er å ha eit kollegafellesskap, og å ikkje vere den einaste audiopedagogen. Eg har mange som eg kan ha faglege diskusjonar med.
Kva liker du minst med yrket ditt?
– Å ikkje ha nok tid til alt eg har lyst til å gjere.
Kva for andre moglegheiter finst innanfor yrket?
– Du kan arbeide i blant anna PP-tenesta, Statped, ved høyresentralar, audiopedagogiske senter, barnehage for hørselshemma, Rikshospitalet, HLF Briskeby og spesialskolar som Myrene eller Vetland.
Kva kan ein forvente i lønn i dette yrket?
– I skoleverket får du lønn etter mastergrad. Gjennomsnittslønna for spesialpedagogar og spesiallærarar er 544 680 kroner i året.
Korleis reknar du sjansane for å få jobb innan dette yrket?
– Det spørs heilt kor du bur. I Oslo er miljøet og sjansen større. Her i Porsgrunn skulle vi også gjerne hatt fleire audiopedagogar, fordi vi er så heldige å ha ei av veldig få hørselsavdelingar i Noreg.
Eg underviser i dei fleste faga, og undervisninga føregår på norsk med teiknstøtte, eller på norsk teiknspråk.
Sidan du arbeider tett på menneske, er det viktig å ha evna til å sjå den enkelte personen, og møte dei der dei er. Du må også ha evna til å observere og vurdere fortløpande.