Utdanningstilbud

Viser 1 utdanninger
Tittel Studienivå Sted
Årsstudium i skapande skriving Årsenhet og kortere Skrivekunstakademiet i Hordaland Bergen

Om lærestedet

Skrivekunstakademiet i Hordaland driv undervising innan skjønnlitterær skriving.

Du får opplæring i dei ulike skjønnlitterære sjangrane. Det er i hovudsak forfattarar som underviser, for tida fire faste lærarar og fleire gjestelærarar. Undervisninga legg vekt på det praktiske skrivearbeidet, og særleg på den einskilde student sine eigne tekstar.

I tillegg til Årsstudium i skapande skriving og påbyggingskurs, tilbyr Skrivekunstakademiet kortare skrivekurs.

Akademiet er lokalisert i Kulturhuset USF (Verftet) på Nordnes i Bergen, som huser mange kulturverksemder og kunstnarar innan ulike fagområde. I tillegg finn ein kafé, filmklubb, konsertlokale, visningsrom og teatersal i bygget.

Skrivekunstakademiet er ei stifting og blei skipa i 1985. Mange av studentane ved akademiet har debutert som forfattarar.