Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Studietempo
HeltidSøknadsfrist
20 april, kl 14:00Opptakskrav
MUSUIB
Poenggrenser 2021
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser
18
Søknadskode (SO)
184792
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Kvifor kan musikkterapi vere ei god tilnærming for klientar som er lite motiverte for verbal terapi? Kva tyder «den fyrste song» og musikalsk identitet i den siste stund? I løpet av studiet arbeider studentane med både musikalsk kompetanse, mellommenneskeleg sensitivitet og evne til teoretisk refleksjon. Du vil kvalifisere deg til å legge til rette for helsefremmande musikkutfalding, til å møte menneske med respekt og forståing og til å grunngi, vidareutvikle og formidle eige arbeid. Faget og forskingsfeltet musikkterapi fokuserer på relasjonar mellom musikk og helse, i kliniske situasjonar og i kvardagskontekstar. I musikkterapi er det vanleg med ei aktiv tilnærming der klienten sjølv er med på å skape musikk saman med musikkterapeuten.
Det integrerte masterprogrammet i musikkterapi ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), Universitetet i Bergen, skal kvalifisere for musikkterapeutisk yrkesutøving i helsevesenet, pedagogiske kontekstar og samfunnet elles og skal setje studenten i stand til å gå inn i forpliktande tverrfagleg samarbeid. Studiet gjev ei innføring i forsking og formidling av musikkterapi og gjev grunnlag for vidare kvalifisering for dette gjennom doktorgradsstudium.
Karrieremuligheter
Relevans for arbeidsliv
Studiet skal gjere studentane skikka til å gå inn i følgjande yrkesfunksjonar:
1. Musikkterapeutisk og utviklingsstøttande arbeid innan førskule, skule, kulturskule og vaksenopplæring
2. Musikkterapeutisk og førebyggjande arbeid innan ulike miljøtiltak, som barne- og ungdomsarbeid, fengsel og ulike typar interesseorganisasjonar
3. Musikkterapeutisk arbeid innan helsevesenet, inklusivt habilitering, nevrorehabilitering, psykisk helsevern, eldreomsorg og palliativ omsorg
4. Forsking i og formidling av musikkterapi.