Bachelorprogram i spesialpedagogikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Spesialpedagogikk handlar om tilrettelegging for læring for barn, unge og vaksne med særlege behov. Alle menneske har ulike føresetnader for læring. I bachelorstudiet i spesialpedagogikk får du eit breitt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert når det gjeld tilrettelegging av tiltak til barn, unge og vaksne med særlege behov. Dette kan vere unge som er svært evnerike, så vel som unge med ulike lærevanskar og personar med utviklingshemming. Under studiet får du også kjennskap til aktuelle lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Du vil også få kjennskap til relevante tema innanfor spesialpedagogikk; innføring i spesialpedagogikk, utviklingspsykologi, språkutvikling, fleirspråklegheit, normalitet og variasjon, forskingsmetode, etikk, observasjon og kartlegging i spesialpedagogisk praksis. Gjennom praksisarbeid får du kompetanse til å forstå, vurdere og delta i planlegging av individuelle opplærings- og undervisningstiltak i barnehage, skole og andre læringsarenaer. Slik kan du bli ein reflektert og kritisk yrkesutøvar som i samarbeid med barn, unge og vaksne med særskilte behov, deira foresatte og/eller andre omsorgpersonar, andre profesjonelle kan legge til rette for inkluderande miljø og bidra til vidare utvikling av nye tiltak og tilbod.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180

Om studiet

Bachelorprogram i spesialpedagogikk ved Universitetet i Bergen byggjer på fagområda pedagogikk, spesialpedagogikk, utviklingspsykologi, læringspsykologi og logopedi, for å gje eit bredt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert med tenester for personar med ulike føresetnader for læring. Som sjølvstendig utdanning skal eit bachelorprogram i spesialpedagogikk også kunne kvalifisere til å gå inn i spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, skule og andre læringsarenaer. Studieprogrammet gir kompetanse til å vurdere kartleggingsinstrument som inngår i spesialpedagogisk verksemd. Gjennom studiet får kandidatane kunnskap om lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Studieprogrammet skal også kunne gje grunnlag for vidare spesialisering ( mastergrad).

Studiet skal, gjennom å utnytte forsking og ekspertise på feltet, formidle forståing for normalitet og avvik i læringsprosessar, gje forståing for kartlegging av ulike læringsføresetnader, forberede for praktisk spesialpedagogisk verksemd på individ og systemnivå gjennom profesjonelt samarbeid. Studiet har som mål å gje studentane innsikt i korleis faget utviklar seg og korleis dei på ein profesjonell måte kan bidra til vidareutvikling av spesialpedagogisk praksis.

 

I starten av studiet blir det lagt vekt på å gje studentane grunnleggande kjennskap til ulike delar av det spesialpedagogiske kunnskapsfeltet; generell utviklingspsykologi og språkutvikling; ulike perspektiv på læring; normalitet, variasjon og ulike føresetnader for læring; testteori og forskingsmetode. Siste halvdel av studiet er spesialisering mot logopedi, pedagogikk eller psykologi, samt profesjonskunnskap og bacheloroppgåve. 100 timars praksis vert integrert i studiet og arbeids- og vurderingsformene vil reflektere både praktisk og teoretisk tilnærming.

 

Karrierevegar

Med bachelor i spesialpedagogikk kan du jobbe i ulike stillingar i mellom anna barnehage, skole, SFO, omsorgsbustader og asylmottak.

Andre aktuelle arbeidsarenaer kan vere kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller velferdsforvaltninga.

Fellesnemnaren for dei ulike yrkesvegane er at innsikt i og forståing for behova til menneske med ulike føresetnader for læring, er etterspurt i breie delar av yrkeslivet.

Med bachelorgrad i spesialpedagogikk har du ikkje formell undervisningskompetanse.

 

 

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i spesialpedagogikk

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

45.00 (primær)
51.80 (ordinær)

Studieplasser

23

Søknadskode (SO)

184853

Lignende utdanninger