Fakta

Sted:
Høgskulen for grøn utvikling Bryne
Studietype:
Årsstudium og kortere
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid, deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon oppdatert

7. januar 2026.

Om studiet

Kurset Regenerativ samfunnsutvikling (tidl. Handlingskompetanse/Endringskunnskap/Samfunn og utviklingsarbeid) er første år i BA nyskaping og regenerativ utvikling og handlar m.a. om:

Teori og praksis

Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, økologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av både naturen og lokalsamfunnet som rammer og utgangspunkt for handling/endring.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i lokal utvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Arbeidsmåtar

I tillegg til førelesing og litteraturstudiar legg ein vekt på studentaktivitet som øvingar, oppgåver, gruppeoppgåver og felt-/prosjektarbeid.

Emneinndeling

Modul I, 30 stp.
 

Generell introduksjon til akademisk tenking og samfunnsvitskaplege metodar.

Endringsprosessar (bakgrunn for krisene i vår tid)

Lokalt utviklingsarbeid med naturen som partnar (lokalt og globalt perspektiv, fortid og samtid).

Modul II, 30 stp.
 

Regenerativ samfunnsutvikling som teori og praksis: naturinnsikt, Earth jurisprudence, ressursgrunnlag/ressursforvalting, etiske perspektiv.

Planlegging og gjennomføring av eit prosjektarbeid.

Alle utdanninger innen