Nøkkelinformasjon
Om studiet
På Dans Explore får du danse og trene kvar dag! Du får kjenne på meistring, utvikle betre fysisk form. Eit år der du vil utvikle deg som dansar og menneske!
Du blir ein del av eit større miljø ved Danseverkstaden i Førde, og vere ein del av dei store oppsetningane på Førde si storscene, Førdehuset. Du får kjenne på meistring, utvikle teknikk og fysikk og ikkje minst vere med på tur og oppleve det pulserande livet i Rio de Janeiro og musikalverda i London. Eit år der du vil utvikle deg som dansar, utøver og ikkje minst som menneske.
- Faste dansetimar i Jazz, Musikal Showdans, Contemporary
- Idrett, styrke og gruppetrening
- Store dansesalar med speil, ballett-barrer, godt musikkanlegg og kvalitetsgolv
- Danseworkshop i inn- og utland
- Yoga workshop
- Gratis danseklasser ved den lokale danseskulen; Danseverkstedet
- Musikalforestilling
- Danseforestilling
- Koreografi/Improvisasjon
- Du kan ta eksamen i ballett
- Buldring/klatring
- Treningsstudio på skulen
- Spinningsal
- Gymsal
- Tilrettelagt treningsprogram og oppfølging
Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing. Dei siste åra har skulen blant anna produsert forestillinger som Hairspray, Chicago, Folk og Røvere i Kardemomme By, FAME. Linja si danseforestilling er eit av fleire høgdepunkt for heile skulen i løpet av året.
Du får vere med på fotoshoots, og vi lagar film av dansar/aktivitetar på linja. Frå fotoshoot får du med deg flotte bilder som er tatt av profesjonell fotograf.