Nøkkelinformasjon
Lærested
Studiested
Nivå
FagskolestudiumStudiepoeng
10.0Semester
Studieform
Nettstudium, samlingsbasertStudietempo
DeltidSøknadsfrist
2. aprilOppstartsdato
18. aprilOm studiet
For å utføre arbeid i tilknyting til elektriske installasjonar i eksplosjonsfarlege område er det viktig at utførande personell har nødvendig og relevant kompetanse. Utdanninga tar sikte på å dekke ei så stor breidde som mogleg innanfor faget Eksplosjonsbeskyttelse.
Du lærer prinsippa om korleis slike (Ex) område blir klassifiserte og om tryggingsnivåa som blir kravde innan dei forskjellige faregradene som finst. Du lærer om vegen frå EU direktiv, via nasjonale forskrifter, typestandardar for utstyr og kravet til vedlikehald knytt til slike anlegg.
Studiet dekker krava til opplæring som finst for å lovleg kunna arbeida med slike anlegg, og vil på grunn av breidda si dekke mange marknader der dette er påkravd. Det dekker spesifikke bransjekrav frå tilsynsmyndigheitar som PTIL, DSB, arbeidstilsynet og krav som kjem frå myndigheitsutnevnte godkjenningsorgan som PTB, DNV GL Presafe m.m.
Studiet omhandlar i hovudsak elektro, men tar òg med krav for mekanisk sertifisering og samanstillingar av meir komplekse system, som tavler til store modulsystem. Nokre bransjar har eigne standardar som også har ein innverknad på korleis vi produserer utstyr til slike område (til dømes Norsok) og noko av kurset omhandlar dette.