Spesialist i fordøyelsessjukdommar

– Det å gå kunne bidra litt til at eit liv kan bi betre, opplev eg som eit privilegium, fortel Gro.
Dame med lyst hår og grå kåpe, sitter under en lys parasoll, sannsynligvis en restaurant. Folk i bakgrunnen og bymiljø.
Gro Nygard Riise, 45 år
Spesialist i fordøyelsessjukdommar
Haukeland Universitetssjukehus og Voss sjukehus
«Nesten som gaming, der ein jobbar med hendene via det som skjer på ein stor skjerm. »
― Gro Nygard Riise
Tekst og foto:
Ingvild Hegge Eriksen
Publisert: 12.06.2025
«Nesten som gaming, der ein jobbar med hendene via det som skjer på ein stor skjerm. »
― Gro Nygard Riise
«Faget mitt er heldigvis alltid i utvikling, og det å halde seg oppdatert på siste nytt, er ein av dei store gledene ved å jobbe slik.»
― Gro Nygard Riise

Kvifor velte du å bli spesialist i fordøyelsessjukdommar? 

– Eg byrja på medisinstudiet først og fremst fordi eg synst faget verka spennande, og eg hadde eit ønskje om å jobbe med menneske. Eg har alltid vore nysgjerrig på korleis kroppen vår fungerer, og korleis alle kroppen sine funksjonar heng saman. 

At eg til slutt vart spesialist i fordøyelsessjukdommar, var nok litt tilfeldig. Etter medisinstudiet, i LIS1 (lege i spesialisering 1) teneste, må du arbeide ved ulike avdelingar og innanfor ulike delar av medisinen. Da får du erfaring både frå arbeid i sjukehus som allmennlege, og ved legevakt. I løpet av denne perioden vart eg meir kjent med spesialiteten min, og opplevde faget og miljøet som allsidig og spennande. Eg vart rett og slett veldig nysgjerrig på faget og starta på vidare spesialisering i fordøyelsessjukdommar. 

Image
Spesialist i fordøyelsesykdommer Gro Nygard Riise og spesialsykepleier står sammen rundt en pasient mens de undersøker, diagnostiserer og behandler pasienten. En tube føres inn i magen til pasienten og på en skjer på veggen ser de to damene hva som vises. Tuben i magen til pasienten styres med en konsoll som Gro holder i en hånd.

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg? 

– Ein vanleg arbeidsdag startar klokka 08.00 om morgonen. Då møtes alle legane på avdelinga til fellesmøte der vi diskuterer pasientar som har kome inn på sjukehuset det siste døgnet. Etter det går vi vidare til dagens oppgåver. Og litt av det som gjer dette fagfeltet så kjekt, er at dagane er veldig varierte. Då har eg enten vakt, endoskopi, poliklinikk eller sengepost.

På vakt har eg ansvar for nye pasientar som kjem inn på avdelinga med akutt sjukdom. Då må eg vurdere pasienten sin tilstand, og sette i gang med den behandlinga eg meiner dei treng. Eg svarer på telefon frå andre legar dersom de treng råd innanfor mitt fagfelt, og hjelper til der det trengst.

Dersom eg har ein dag med endoskopi er det ein meir praktisk dag, der eg får brukt hendene og mine praktiske ferdigheiter. Ved endoskopi undersøker eg tarmen eller magesekken frå innsida med eit kamera, og eg kan både behandle og diagnostisere ulike tilstandar. Endoskopi er eit system der du fører ein lang tube med kamera inn til den delen av tarmen eller magesekken som skal undersøkast. Bilde kjem opp på ein stor skjerm mens eg styrer arbeidet via ein konsollar med hendene mine. Sjølve tuben har indre kanalar der det blir ført inn ulike små reiskapar slik at ein kan utføre mindre kirurgiske prosedyrar. Dette kan vere å fjerne forstadia til kreft (polyppar) eller stoppe blødingar. Nesten som gaming, der ein jobbar med hendene via det som skjer på ein stor skjerm. Dette krev ein del trening å bli god på, men er ein veldig kjekk del av jobben. 

Vil ein bli gastroenterolog startar ein relativt tidleg i utdanningsløpet med slik gaming-trening. Då byrjar ein typisk i starten ilag med ein meir erfaren kollega og blir gradvis lært opp til ein meistrar meir og meir av dette på eigen hand. Det krev øving både for å bli god på det tekniske, og for å kjenne igjen og diagnostisere ulike sjukdommar i tarmen. På ein slik dag møter eg vanlegvis mellom 8 til 15 pasientar som får endoskopi.

Har eg poliklinikk kjem det pasientar til meg med ulike problemstillingar og sjukdommar innanfor fordøyelsessystemet, altså magesekk, tarm, lever, galle eller bukspyttkjertel. Då møter eg alle typar menneske, frå gamle til unge, og forsøker å finne ut av problema og behandlar så godt det lar seg gjere. Nokre har veldig alvorlege sjukdommar som kan forkorte livet, men andre har plager og sjukdom som dominerer store delar av kvardagen. Typisk kan det vere problemstillingar knytt til tarm, som kronisk betennelse eller hemmande magesmerter eller diare. Då må eg saman med pasienten finne rette medisinar, ha fokus på kosthald eller andre faktorar i livet som påverkar dette.

Har eg ein dag på sengepost går eg visitt og passar på dei som er innlagt på sjukehuset. Då jobbar eg ilag med de andre yrkesgruppene på sjukehuset, både legar med ulike spesialitetar, sjukepleiarar, ernæringsfysiologar og fysioterapeutar. Dagen startar då med previsitt ilag med sjukepleiar. Då går vi saman gjennom kvar pasient som er innlagt, ser på blodprøver, vurderer kva medisinar dei står på, og diskuterer tilstanden til pasienten. Eg går så vidare til pasientane, snakkar og undersøker dei. Basert på all den informasjonen vi har henta inn, bestemmer vi kva som er den rette behandlinga vidare. 

For å finne rette behandling for pasientane mine, arbeider eg tett saman med ulike yrkesgrupper, og i dialog med pasienten. Som lege må ein lytte og ta inn erfaring og kunnskap frå andre kollegaer og yrkesgrupper, samtidig som ein må klare ta avgjerder som gjeld behandling. I utdanninga er dette også noko som kjem gradvis, til lengre erfaring du har, til større ansvar har du for å ta desse avgjerdene. Systemet på sjukehuset er bygd opp slik at ein som ung og nyutdanna lege, alltid skal ha kollegaer med meir erfaring å rådføre seg med.

I tillegg til dette arbeidet har eg ein del etterarbeid frå pasientkontakt og kontorarbeid. Eg må gå gjennom prøvesvar frå undersøkingar eg har gjort (for eksempel blodprøver, røntgenundersøkingar) og pasientar må følgast opp. Som lege under utdanning (LIS-lege) har ein og utanom det vanlege arbeidet, krav på betalt studietid. Ein har nokre timar kvar veke som skal vere dedikert til læring, for å halde seg oppdatert og lære seg nye ting innanfor fagfeltet. På sjukehuset har ein også fast undervisning fleire gonger kvar veke. Her held kollegaer undervisning for kvarandre om faget og gir oppdatering om siste nytt innanfor ulike fagfelt.

Arbeidsveka mi er stort sett dagtidsarbeid, også kjem vaktene i tillegg. Går du i vakt må du av og til jobbe kveld og natt. Kor mykje vaktarbeid det er, varierer frå sjukehus til sjukehus. Under spesialiseringa har ein som oftast ei vaktordning der ein må vere på sjukehuset på kveld og natt. Som ferdig spesialist har eg bakvakt, som betyr at eg kan gå heim. Men eg må ha med meg telefon og vere klar til å kome inn på sjukehuset om det oppstår situasjonar som krev ekstra kompetanse.

Kva krevst for å kunne jobbe som spesialist i fordøyelsessjukdommar? 

– Skal du bli spesialist i fordøyelsessjukdommar må du først vere utdanna lege. I Noreg er det ein 6-årig utdanning. Etter dette må du ta 1,5 år med obligatorisk LIS1-teneste. For å gå vidare som spesialist i fordøyelsessjukdommar, må du jobbe vidare på sjukehus i ein LIS2/3-stilling (lege i spesialisering). Da eg tok mi utdanning, vart ein først spesialist i det som heiter indremedisin, og etter dette bygde eg vidare på for å bli spesialist i fordøyelsessjukdommar. Den gongen tok det mellom 7-8 år å bli ferdig spesialist. I dag er dette annleis. No kan du bestemme deg etter LIS1-teneste for kva spesialitet du vil velje. Denne spesialiseringa tek mellom 5-6 år. 

Til saman er det rundt 11 år før du er ferdig utdanna spesialist. Men du arbeider som lege under heile spesialiseringstida, og får lønn som lege samtidig som du utdannar deg til å bli spesialist. Utdanninga er basert på opplæring under ansvar. Det betyr at du får gradvis meir ansvar etter kvart som du lærer faget ditt betre. 

Kven passar dette yrket for, og kven passar det ikkje for? 

– Du må først og fremst vere glad i å jobbe med menneske, og du bør vere god på å samarbeide. Dette er fordi eg må samarbeide tett med ulike yrkesgrupper og andre legar. Vi er avhengige av kvarandre for å gi pasienten best mogleg behandling. Da er det viktig å ha evna til å lytte og tilpasse seg både pasient og andre kollegaer. Det er også viktig å vere nysgjerrig og interessert i å lære noko nytt. Faget mitt er heldigvis alltid i utvikling, og det å halde seg oppdatert på siste nytt, er ein av dei store gledene ved å jobbe slik. 

Det kan av og til bli lange og travle dagar og vakter. Så viss du ser etter eit yrke med rolege dagar, er nok kanskje ikkje dette jobben for deg. 

Kva liker du best med å vere spesialist i fordøyelsessjukdommar? 

– Eg trur det må vere variasjonen. I denne jobben får du bruke mange ulike sider av deg sjølv. Du må opparbeide deg praktiske ferdigheiter for å utføre skopi – gaming-delen av yrket. Og så må du halde deg oppdatert på kunnskap og handtere både dei akutte tilstandane der det hastar å redde ein pasient, samtidig som du må kunne arbeide roleg og lyttande med langsiktige planar for menneske med kroniske plagar og sjukdommar. 

Og så møter du så utruleg mange hyggelege og dyktige folk. Det å jobbe i eit aktivt fagmiljø gir positivt påfyll kvar einaste dag. Det å få møte menneske i ulike livsfasar, både unge og gamle, både kritisk sjuke og ikkje så veldig sjuke, er veldig fint. Menneske er fantastisk spennande, historiene dei har med seg er ofte fascinerande. Det å gå kunne bidra litt til at eit liv kan bi betre, opplev eg som eit privilegium. 

Kva liker du minst?

– Med sjølve jobben, er det ikkje så veldig masse eg ikkje liker, men eg kan av og til syns det blir litt mykje jobbing. Det er ofte lange vakter og travle dagar der ein ikkje alltid har så masse tid til kvar enkelt pasient som ein ønsker. Men det har heldigvis vore fokus på arbeidstida til legar dei siste årene, og eg håpar at det skal bli betre for neste generasjon av legar. 

Image
Dame med lyst hår og hvit overdel tar en selfie med fire damer i bakgrunnen. Alle har på seg helseuniform, enten blå eller hvit. De fire personene sitter foran tre dataskjermer. En av damene står bakerst langs veggen. Det er en vask og speil på veggen. Det henger mange ark med tekst på den ene veggen.

Kva slags andre mogleg finst innanfor yrket?

– Er du spesialist i fordøyelsessjukdommar kan du stort sett jobbe i heile landet. Men du må jobbe i spesialisthelsetenesta, altså sjukehus eller privat føretak. Du kan jobbe både på små og store sjukehus, og trenger ikkje bu i de store byene om du ikkje ønsker. Eg er så heldig å få kombinere min jobb med å både jobbe på Universitetssjukehus og på eit mindre lokalsjukehus. Då kan eg bu på ein mindre plass med nærleik til naturen, og får fylt fritida mi med natur og friluftsliv. 

Viss du er interessert i forsking, er det mange moglegheiter for deg. Det er stadig behov for ny kunnskap innan faget vårt. I Noreg er det heldigvis fokus på dette, og det finst til ei kvar tid flotte moglegheiter dersom du ønskjer å drive med forsking.

Kva kan ein forvente i lønn som spesialist i fordøyelsessjukdommar?

– Som spesialist på sjukehus har ein ei grunnlønn på cirka 9 500 000 i året. I tillegg er det vaktlønn, slik at de fleste tener mellom 1 000 000-1 500 000 i året avhengig av korleis vaktordning du har der du arbeider. 

Korleis er sjansane for å få jobb som spesialist i fordøyelsessjukdommar?

– Det er mangel på spesialistar i fordøyelsessjukdommar i Noreg, og det er forventa å bli større behov dei neste åra. Dette betyr gode moglegheiter for å få jobb. Det er nokon stillingar som kan vere litt vanskelegare å få enn andre, slik at ikkje sikkert ein får stilling på akkurat det sjukehuset ein ønsker. Men det er overordna mangel på denne spesialiteten og gode jobbmoglegheiter.

Tilhørende utdanninger

Medisin profesjonsstudium

Du lærer om medisiner og hvordan sykdommer oppstår, forebygges og behandles. For å bli lege må du ta et profesjonsstudium i medisin, det er en seksårig utdannelse.

Finn studier