Dimensjonskontrollør Arve Lundestad på arbeidsplassen

YrkesintervjuDimensjonskontrollør favoritt ikon

I jobben min må ein vere ein problemløysar, seier dimensjonskontrollør Arve Lundestad.

Arve Lundestad
34 år
Dimensjonskontrollør
Kongsberg Defence & Aerospace AS
Vær oppmerksom på at dette intervjuet er over to år gammelt. Det kan ha skjedd endringer i yrket etter at intervjuet ble gjennomført.

Kvifor valde du å bli dimensjonskontrollør? 

- Eg arbeidde med maskinering og programmering hjå Kongsberg Defence System si cnc maskin, bor og freseverkavdeling, då eg fekk tilbod om jobb innan avdelinga målemaskin og kontroll. Tilbodet var spennande, og eg visste at jobben krevde stor nøyaktigheit, samt at det var mykje fagleg å setje seg inn i. Dess meir ein lærer og kjem inn i fagmaterialet, dess meir utfordrande oppgåver får ein vere med på i løpet av arbeidsdagen. Eg har aldri angra på yrkesvalet mitt!

dimensjonskontrollor_arve_lundestad.jpg

Dimensjonskontrollør Arve Lundestad på arbeidsplassen
All rights reserved.

Kva arbeidsoppgåver består yrkeskvardagen din av? 

- Storparten av jobben min består av sluttkontroll av produksjonsdelar. Dei fleste delane blir målt opp i ein koordinatmålemaskin (CMM). Eg lagar programma denne køyrer, etter krav frå produksjonsteikningar og spec. Utover dette arbeidar eg med manuell/visuell kontroll av t.d. radiusar, fasar og gjengar, samt at eg kontrollerar at delane er fri for skader. Andre oppgåver kan innebere kontroll av jiggar, verktøy, støypeformer og anna utstyr for produksjon.

Kva utdanning og eigenskapar bør ein ha for å bli dimensjonskontrollør?

- Utdanninga krev at ein tek fagbrev som dimensjonskontrollør, samt eit kurs i teikningslesing, gps (geometrisk produktspesifikasjon), som omhandlar standard og reglar for måling. Som person bør ein vere nøye og strukturert, samt like å arbeide med data. Som dimensjonskontrollør må ein vere ein problemløysar, då ein brukar mykje tid på å utføre målingar og gjere reie for kva som eventuelt skapar problem. Ein er på mange måtar eit bindeledd opp mot kvalitetsingeniøren og prosessingeniøren.  

Kva er det beste ved yrket ditt?

- Det er ein spennande og utfordrande jobb. Ein får observere og ta del i prosessen frå fødselen av nye produkt til oppstart av produksjon. 

Kva mislikar du mest ved yrket ditt?

- Det kan til tider vere mykje dokumentarbeid.

Kva andre arbeidsområde/moglegheiter finst innan yrket?

- Mange som kjem frå dimensjonskontollfaget arbeidar med ulike typar kvalitetssikringsarbeid. Her er moglegheitene fleire, blant anna innan båt, bil og offshore-industri.

Kva lønn kan ein vente seg innan yrket ditt?

- Ein får lønn ut frå lønnstabellen for operatørar.

Korleis ser du på sjansane til å få seg jobb innan yrket ditt?

- Dimensjonskontrollørfaget er eit yrke i stadig vekst. Kvalitet og dokumentasjon av produkt blir viktigare og viktigare, og med det aukar også behovet for oss dimensjonskontrollørar. Sjølv med utfasing og handel av komponentar frå underleverandørar og andre land, vil det vere behov for kontroll/verifisering av at desse er korrekte før dei går i produksjon og vidare til kunde.  

    • Eg har aldri angra på yrkesvalet mitt!
    • Kvalitet og dokumentasjon av produkt blir viktigare og viktigare, og med det aukar også behovet for oss dimensjonskontrollørar. 

Yrkesbeskrivelser

Utdanningsbeskrivelser