Nøkkelinformasjon

Du får lære sikker håndtering av maskiner, utstyr, råmateriale og styringsverktøy innenfor farging, trykking og etterbehandling.

Læreplan

Læreplan i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling

Industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling skal medverke til å dekkje behovet for kompetente fagarbeidarar i tekoindustrien innanfor fagområda farging, trykking og etterbehandling. Vidare skal faget leggje grunnlag for kompetanse i bruk av ny teknologi og handtering av avanserte produkt.

Opplæringa skal medverke til at lærlingen utviklar kompetanse i sikker handtering av maskiner, utstyr, råmateriale og styringsverktøy. Vidare skal opplæringa fremme evne til sjølvstendig arbeid og evne til samarbeid med kollegaer og andre faggrupper.

Opplæringa skal leggje til rette for variert arbeid med maskiner og utstyr og gi trening i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av utført arbeid. Krav til helse, miljø og tryggleik skal inngå i opplæringa. Vidare skal opplæring leggje til rette for fagleg utviklings- og forbetringsarbeid og fremme forståing for effektiv og rasjonell produksjon.

Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er fagoperatør i farging, trykking og etterbehandling.

Yrker og arbeidsliv i hele landet
Hele landet

Samarbeidsavtaler