Nøkkelinformasjon

Du lærer å skjære, finstykke og behandle kjøttvarer.

Læreplan

Læreplan i butikkslakterfag

Butikkslaktarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan tilskjering og stykking, produksjon og sal av kjøtt, kjøttprodukt og ulike ferdigretter. Butikkslaktarfaget skal ta vare på norsk og samisk matkultur, samtidig som faget skal utvikle seg i tråd med nye internasjonale trendar.

Opplæringa skal medverke til at daglegvarebransjen og slaktarforretningane kan gi rettleiing om råvarer og tilverking. Opplæringa skal også leggje vekt på etiske krav og kvalitetskrav, økonomi, verdiskaping, råvareutnytting og svinn. Vidare skal opplæringa leggje grunnlag for trygg mat og god hygiene ved produksjon av mat. All matproduksjon skal ha eit kvalitetsstyringssystem basert på fareanalyse og kritiske kontrollpunkt. Opplæringa skal også medverke til eit medvite og profesjonelt forhold til service, samarbeid, kommunikasjon og likestilling.

Opplæringa skal leggje til rette for varierte arbeidsoppgåver som krev kreativitet og løysingsorientering. Vidare skal opplæringa leggje vekt på utviklinga i butikkslaktarfaget og endringar knytt til rutinar i bedrifta.

Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittel er butikkslaktar.

Yrker og arbeidsliv i hele landet
Hele landet

Samarbeidsavtaler i hele landet
Hele landet

ELLEVILT AS Vis avtale
MENY SOGNDAL Vis avtale
Det finnes 2 samarbeidsavtaler mellom skoler og bedrifter, hvorav 2 passer dine kriterier.