Fagskulen Vestland er den største offentlege fagskulen i landet med vel 1700 studentar og om lag 170 tilsette. Skulen tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på nivå over vidaregåande opplæring.

Våre utdanningar er korte og yrkesretta som byggjer på fag-/sveinebrev, eller relevant arbeidserfaring. Skulen har eit stort og variert utval av utdanningar med tilbod innan maritime, marine, tekniske, petroleumtekniske, grøne- og helsefag.