Lingvist

Ein lingvist er ein person som forskar på, eller jobbar med språk og tale. Lingvistar kan også kallast språkforskarar eller språkvitarar. Som lingvist har du utdanning innan språkvitskap.

Arbeidsoppgaver

 

Ein lingvist jobbar med språk og kommunikasjon, og studerer og spesialiserer seg på ulike delar av språk. Som lingvist kan du jobbe spesifikt med korleis vi kommuniserer, korleis språk endrar seg, korleis vi lærer oss å kommunisere, kva språk er, og du kan jobbe med skriftspråk. Ein lingvist kan også jobbe med kommunikasjon som ikkje skjer mellom menneske, til dømes kommunikasjon med datamaskiner. Dette kallast datalingvistikk.

Ein lingvist kan jobbe med fleire språk, eller med berre eitt språk. Lingvisten kan óg forske på, analysere og arbeide med fleire forskjellige eigenskapar ved språket. Du kan til dømes jobbe spesielt med språkhistorie, eller analysere korleis språket er bygd opp. Lingvistar kan studere oppbygging av setningar eller lydsystemet. Studiet av språklydar og korleis vi produserer disse kallast for fonetikk. Nokon lingvistar spesialiserer seg i korleis vi som menneske lærer oss språk. Det kan innebere å forske på korleis barn lærer seg språk frå fødselen av, eller å sjå på korleis vi lærer oss nye språk når vi blir eldre. 

Vanlege arbeidsoppgåver for lingvistar: 

  • lingvistar kan jobbe som undervisere, vitskapelege tilsette, eller ha administrative oppgåver på ein utdanningsstad. Dette kan vere forsking, saksbehandling eller undervisning i språkhistorie, språkutvikling og språkoppbygning.
  • jobbe med formidling
  • forske og publisere forskningsresultat
  • halde foredrag og seminarer
  • rettleie

Lingvistar vert ofte tilsett med andre stillingstitlar enn "lingvist", til dømes som rådgivar, konsulent eller forskar

Kor jobbar Lingvistar?

Lingvistar kan jobbe innanfor mange ulike fagområde, både i det offentlege og i det private. Nokon lingvistar jobbar med menneske som har språkvanskar, eller dei jobbar med kommunikasjon i bedrifter. Mange lingvistar jobbar som forskarar, spesielt på universitet og høgskuler. Andre jobbar med undervisning. Som lingvist kan du jobbe i forlagsbransjen, som forfattar, eller som kommunikasjonsrådgivar. 

Viktige eigenskapar

Som lingvist må du vere interessert i kommunikasjon og språk. Du bør interessere deg for andre menneske, og vere glad i å analysere og forske på ting. Du må også vere glad i å tileigne deg teoretisk kunnskap, ha et godt språkøyre og vere flink til å kommunisere skriftleg og munnleg. 

Lønn

Utdanning

Dei vanlegaste jobbane blant lingvistikkutdannede

Kilde: Statistisk sentralbyrå 2023. Tall fra november 2022. Forklaring til statistikken
  • 711701 - Cand.philol.-utdanning, anvendt språkvitenskap/lingvistikk
  • 711702 - Cand.philol.-utdanning, datalingvistikk
  • 711704 - Cand.philol.-utdanning, lingvistikk
  • 711726 - Master, datalingvistikk, toårig
  • 711727 - Master, lingvistikk, toårig
  • 811704 - Ph.d.-program, lingvistikk

Bedrifter som ansetter Lingvistar

Her finn du ei oversikt over bedrifter som har stillingar i dette yrket eller liknande yrke. Dette kan vere nyttig for den som leitar etter arbeidsplass, læreplass eller hospiteringsplassar. Oversikta kan også vere nyttig for skular som vil finne bedrifter dei kan samarbeide med.

Bedrifter med Lingvistar

Vigo

Informasjon om løpande lærekontraktar og godkjende lærebedrifter blir fylkesvis henta frå Vigo. Alle fylka i landet har inngått ein driftsavtale med Vigo og Utdanning.no  for å få denne informasjonen presentert nettsidene våre.

Vi hentar nye data frå Vigo og oppdaterer informasjonen om lærlingar og lærebedrifter kvar natt.

NAV

Arbeidslivsinformasjon får vi frå Navs Arbeidsgivar- og arbeidstakarregister (Aa-registeret).

Arbeidsgivarar pliktar å registrere sine tilsette i Aa-registeret, mellom anna med rett stillingstittel. Det er 9000 ulike stillingstitlar (STYRK-kodar) å velje mellom. Nokre yrke har mange detaljerte og dels overlappande underkategoriar, eksempelvis røyrleggjarar, og andre yrke manglar ein eigen kategori, eksempelvis hematologer. Dette betyr at det alltid vil finnast nokre unøyaktigheiter og feilregistreringar.

Me har knytt flest mogleg av Nav sine 9000 stillingstitlar opp mot 600 yrkesskildringar på Utdanning.no . Dette er ein manuell prosess og feil kan finnast. Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre desse koplingane og tek gjerne imot innspel.

Nokre stillingstitlar frå Aa-registeret er kopla til meir enn éi yrkesskildring. Stillingstittelen "Spesialarbeider (Snekker)" er til dømes knytt opp mot yrka "Møbelsnikkar", "Trevaresnikkar" og "Industrisnikkar". Om ein legg saman stillingstal for desse enkeltyrka vil det samla stillingstalet bli for høgt.

Vi innhentar nye data frå Aa-registeret og oppdaterer arbeidslivsinformasjonen slik at vi har nye data på morgonen den 13. i kvar månad.

  • 2544106 - FORSKER (SPRÅK)
  • 2544104 - SPRÅKFORSKER
  • 2544101 - LINGVIST

Andre yrke

En animatør sit foran ein skjerm og teiknar.

Animatør

Animasjon handlar om å skape liv og rørsle. Som animatør bør du vere kreativ og ha interesse for film og skodespel.
 Bibliotekar og bruker ved utlånsskranke.

Bibliotekar

Bibliotekarar hjelper dei som brukar biblioteket til å finne informasjonen dei leitar etter.
To dansarar dansar moderne dans

Dansar

Som dansar brukar du kroppen til å uttrykke deg gjennom rørsler. Ein dansar må ha rørsleglede, god fysikk, musikalitet og uthald. I tillegg må du vere kreativ og like å samarbeide.
Flere mennesker med dokumenter i hånden som snakker sammen og går ned en korridor

Diplomat

Diplomatar arbeidar for å skape og halde oppe eit godt forhold mellom Noreg og landet ein er stasjonert i.
Filolog studerer en bok på et bibliotek

Filolog

Filologen studerer språk, litteratur og kultur med fokus på historie, særleg eldre tekstar på originalspråket.
Forfatter i ar­beid på kon­to­ret.

Forfattar

For­fat­ta­rar skriv ro­ma­nar, dikt, tea­ter­styk­ke, fag­bø­ker og lik­nan­de.
Fotograf tar bilete med lang tele under vinterlige forhold på Svalbard.

Fotograf

Ein fotograf tek bilete av hendingar, natur, omgivnader eller menneske.
Historiker studerer bok.

Historikar

Historikarar jobbar med å skape forståing for og kunnskap om den historiske utviklinga til menneska og verda.
Mann som tegner en illustrasjon

Illustratør

Som illustratør arbeider du med visuell kommunikasjon og lagar illustrasjonar med teknikkar som teikning, akvarell, collage eller foto.
Kommunikasjonsrådgiver i møte.

Kommunikasjonsrådgjevar

Ein kommunikasjonsrådgjevar har ansvaret for å kommunisere bodskapen til bedrifta gjennom sosiale medium, nettsider, pressa og andre typar medium.
Lektor gir musikkundervisning.

Lektor

Ein lektor er ein lærar med mastergrad frå universitet eller høgskole.
Illustrasjonsbilde av logoped som forklarer ordlyd til et barn

Logoped

Ein logoped hjelper menneske som av ulike grunnar har problem med å kommunisere.

Relaterte lenker