Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Oppstart: 12. august
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 38.90 (primær)
  • 44.20 (ordinær)
Studieplasser: 35
Søknadskode (SO): 203310

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

4. mai 2024.

Om studiet

Er du nysgjerrig på naturen, og vil påverke korleis vi utformar landskapet rundt oss? Då kan ein bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur vere utdanninga for deg!

Kvifor studere landskapsplanlegging med landskapsarkitektur?

Du studerer i vakker vestlandsnatur på campus Sogndal, der vi er tett på bre, fjell og fjord. Vi brukar naturen som klasserom, og har mykje ekskursjonar og feltarbeid.

Landskapsplanlegging omfattar planlegging i alle typar landskap, frå fjell til kyst, frå verneområde til kvardagslandskap og frå jordbrukslandskap til tettstader og byar.

Gjennom studiet lærer du:

  • om naturmangfald og kulturmiljø
  • om økologiske samanhengar i landskapet
  • å vurdere estetiske og økologiske konsekvensar av landskapsinngrep
  • å bruke digitale kart og andre elektroniske verktøy
  • å planlegge og forvalte tettstader og landskap

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og kombinerer kunnskap om natur med forvaltnings- og planleggingsemne, inkludert landskapsarkitekturfag.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Vi har forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid. 

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

  • Som arealplanlegger innan kommune, fylkeskommune eller statleg sektor, for eksempel Statens vegvesen og NVE.
  • Med plan-, analyse- og utgreiingsarbeid i privat sektor, blant anna i ingeniør- og konsulentfirma.
  • Med landskapspleie og forvaltning av natur- og kulturmiljø.

Lønn

I følgje utdanning.no tener ein arealplanleggar i gjennomsnitt 735 600 kr i året. Men dette er berre ein av mange jobbar ein kan ha med utdanning i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. 

Utveksling

Australia | University of the Sunshine Coast (USC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10315

Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390

Nederland | Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10375

Nederland | HAS Green Academy | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10434

Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences (WUELS) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10415

Spania | Autonomous University of Barcelona | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10428

USA | Augsburg University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10329

USA | Western Washington University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10517