Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 48.60 (primær)
  • 52.50 (ordinær)
Studieplasser: 200
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 184752

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske. Ved å studere psykologi lærer du korleis vi menneske påverkar og relaterer oss til kvarandre. På årsstudiet lærer du om biologisk psykologi, utviklingspsykologi, kognitiv psykologi, sosialpsykologi og personlegdomspsykologi. I tillegg kan du velje eit valemne innan motivasjonspsykologi, personalpsykologi, miljøpsykologi eller søvn.

Psykologi er det vitskaplege studiet av åtferd, kognisjon, affekt og samhandling. Psykologien forklarer åtferd med teoriar som er baserte på vitskaplege metodar. Målet med Årsstudiet i psykologi er å gje ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi ,) i tillegg til ei innføring i psykologien sine forskingsmetodar og historie.

I dette studiet vil studenten lære om korleis hjernen styrer og påverkar åtferd. Studiet innehelder også stoff om korleis mennesket behandlar informasjon (som læring, hukommelse, intelligens, problemløysing). Andre sentrale tema er menneskelig utvikling og endring gjennom livet, korleis mennesket påverkas av andre og kva personlegdom er og forstås blir også vektlagt. Sentrale forskingsmetodar i psykologien blir også gjennomgått.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Studieretten gir muligheit for:

1. Følgje tilrådde studieløp ved årsstudiet i psykologi (sjå under)

2. Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag

3. Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Det tilrådde studieløpet i psykologi kan inngå som det første året i ein bachelorgrad i generell psykologi, og ein bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi. Det kan òg vere inngå som valfrie emne i ei rekke gradsgjevande studieprogram ved Universitetet i Bergen. I tillegg gjer det undervisningskompetanse i psykologifaget i skulen. Det anbefalte studieløpet for årsstudiet i psykologi er:

* PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 sp): Emnet har som mål å gje ei oversikt over og innføring i faget psykologi. Studenten vil også lære om psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapleg disiplin.

* PSYK113 Innføring i metode (5 sp): Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metoadar. Emnet skal og gje ein innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.

* PSYK112 Sosial- og personlighetspsykologi (10 sp): Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament og kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom.

* PSYK114 Utviklings-, kognitiv- og biologisk psykologi (15 sp): Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi.

* Valfritt emne (15 sp):

Her kan du velje mellom:

PSYK106 Personalpsykologi

PSYK109 Motivasjonspsykologi

PSYK115 Døgnrytmar, søvn og åtferd

PSYK116 Miljøpsykologi

PSYK117 Operativ psykologi

Karrieremuligheter

Årsstudium i psykologi kan i kombinasjon med andre fag gi kompetanse for arbeid i offentleg og privat sektor, for eksempel i skolen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og ulike delar av helsevesenet der psykologisk fagkunnskap er etterspurt.

Årsstudiet kan inngå som førsteåret i ein bachelor i psykologi eller som valfrie studiepoeng i ein bachelorgrad ved UiB.

Alle utdanninger innen