Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
24. april 2024.
Om studiet
Ønsker du kunnskap om relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk eller korleis ein jobbar med relasjonelt arbeid i organisasjonar? Da er denne fleksible deltidsutdanninga noko for deg.
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Studiet bidreg til utvikling av relasjonell kompetanse i egen yrkesrolle. Du vil få kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Korleis er utdanninga bygd opp?
Du har valet mellom to studieretningar:
- familieterapi og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjonar
Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære å:
- gjennomføre og lede relasjonelle samtaler i ulike sammenhenger med en eller flere deltakere i rommet
- kritisk analysere og mestre utfordrende samarbeids- og veiledningsrelasjoner
- anvende og reflektere rundt sentrale systemiske teorier i møter med forskjellige samarbeidssituasjoner i organisasjoner
- mestre ulike lytte- og samtaleferdigheter på en selvreflektert og profesjonell måte