Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Ønsker du å utvikle deg musikalsk og få kompetanse i undervisningsfaget musikk? I studiet vert det fokusert på å leie samspelsaktivitetar med song og bandinstrument, nytte ulike former for musikknotasjon, lage og arrangere musikk ved hjelp av musikkteknologi, sette opp og styre lyd på konsertar og å leie tverrfaglege kreative prosessar. Det er lagt opp til ei tett kopling mellom utvikling av fagdidaktisk og praktisk-teoretisk kompetanse. Gjennom heile studiet vil du få relevante oppgåver som du gjennomfører på eigen skule. Målgruppa er primært lærarar i grunnskulen og i kulturskulen, og utdanninga er delvis differensiert for 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Undervisningsopplegg

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. I tillegg til samlingane er det lagt opp digitale læringsløyper og nettmøter gjennom læringsportalen Canvas. Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule. Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4283

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).