Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Høyere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Det er tilrettelagt for eit spennande studentfellesskap, med fokus på felles utfordringar og faglege særtrekk på tvers av yrke og samfunnsmessige rammer. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til Master i helse og sosialfag - meistring og myndiggjering, får studiet automatisk godskrive i graden.

Studiet har fire fire hovudtema: Tema 1 – Læring og meistring Tema 2- Kommunikasjon og meiningsdanning Tema 3- Brukar/pasient- og pårørandeerfaringar Tema 4 - Etiske utfordringar og dilemma Du kan lese meir i emneplanen

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium i mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4540

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag. Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing. Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang. For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.

Alle utdanninger innen