Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Høyere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Studiet fokuserer på spørsmål knytt til mangfald, integrasjon og eksklusjon i norsk og internasjonal kontekst. Gjennom humanvitskaplege og samfunnsfaglege tilnærmingar vert det sett fokus på ulike typar mangfald og tilnærmingar til mangfald, i tillegg sambandet mellom integrasjon og kultur. Integrasjon og mangfald, knytt til ulike former for eksklusjon, er også ein viktig del av studiet. Kulturkritiske perspektiv har ein sentral plass i studiet. Emnet er samtidsorientert og drøftar mangfald primært i høve det liberale demokratiets inklusjon av nye samfunnsgrupper, men har også historiske tilnærmingar. Emnet inngår i Master i kulturmøte, og vil kunne godskrivast om du ønskjer å fullføre denne graden. Les meir om emnet i emneplanen.

Undervisningsopplegg

I emnet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer som studentaktive seminar, førelesning og prosessorientert skriving.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4406

Anbefalt forhåndskunnskap

Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget. Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget. Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering. Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.

Alle utdanninger innen