Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
24. april 2024.
Om studiet
Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for profesjonsrolla, undervisning og førebyggande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurt i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil. Du lærer om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan bidra til at brukarar kan meistre utfordringar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom fokus på relasjonsorientert brukarretta kommunikasjon, samarbeid med brukarar, pårørande og andre profesjonelle lærer du kva som kan fremje utvikling, meistring og myndiggjering (empowerment). Du vil få omfattande innsikt i korleis strukturelle forhold bidreg til ulike vilkår for meistring for ulike brukargrupper. Løpande opptak til senest 15. mai, utvidet fra opprinnelig frist 15. april.
Undervisningsopplegg
Opptaksinformasjon
Anbefalt forhåndskunnskap
Utveksling
Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.