Museumsformidler

Dette yrket passar for deg som elskar kultur, historie, formidling og menneske, og ikkje minst det å snakke med menneske, fortel museumsvert og formidlar Ingvild Førde.
Portrettbilde av museumsformidler Ingvild Førde
Ingvild Førde, 29 år
Museumsvert og formidler
Nordfjord Folkemuseum, Musea i Sogn og Fjordane, Sandane
«Eg las om gamle Vikingkongar da eg var barn medan alle andre leste typiske jentebøker»
― Ingvild Førde
Intervju:
Ingvild Hegge Eriksen
Publisert: 31.08.2022
«Eg las om gamle Vikingkongar da eg var barn medan alle andre leste typiske jentebøker»
― Ingvild Førde
«Når du går på museum lærar du om kvarandre sine ulike kulturar og tradisjonar, og det viser seg for at verda ikkje er så stor som mange kanskje trur.»
― Ingvild Førde

Kvifor valde du å bli museumsformidlar?

– Det er eigentleg litt tilfeldig. Eg har alltid vore interessert i kultur og historie, og las om gamle Vikingkongar da eg var barn medan alle andre leste typiske jentebøker. I heimkommunen min Gloppen er det eit museum, som i dag er min arbeidsplass. Før eg kom hit, studerte eg Kultur & leiing på Handelshøyskolen BI i Oslo. Der var det ein medstudent som tipsa meg om sommarjobb på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.

Det var veldig kjekt å jobbe der, og eg var både omvisar for grupper, tunvert i beltestakk, museumsvakt og vakt på arrangement og filminnspelingar. Eg jobba på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i mange år før jobben som museumsvert her på Sandane vart ledig. No får eg brukt både utdanninga mi og arbeidserfaringa på ein god måte.

Image
Museumsformidler Ingvild Førde broderer seler til stakk i Grøsli-stova i Numedalstunet.
Lisens
1

Korleis er ein vanleg arbeidsdag for deg?

– Min arbeidsdag er veldig varierande. Eg er førstelinje på museet, det vil si at eg svarar på kundehenvendelsar på e-post og telefon, og eg er også den første som dei besøkande møter når dei kjem inn døra. I tillegg har eg ansvaret for butikk og kafédrift, og står for innkjøp og utvikling av begge, og dessutan hovudansvar for sosiale medium-kanalar og nettside kor oppdateringar og innlegg må publiserast.

Ein annan del av jobben er arrangement på museet, og her har eg både jobba med boklansering, julemagasinlansering- og distribusjon, jul,- vinter,- og påskearrangement, countrykonsert, utstillingsåpning og fotoutstilling. Med andre ord er det ein veldig variert arbeidskvardag!

I sommarsesong har eg ansvaret for formidlinga til turistgrupper i friluftsmuseet, og har opplæring av sommarverter som skal ha formidling på museet. Når det kjem cruiseskip til Nordfjord, har eg kontakten med reiselivsselskapa, og bookar inn disse turistane på aktuelle datoar. Eg må også hjelpe til mine kollegaer ved behov. Vi er eit lite museum med få tilsette, så alle er flinke til å hjelpe alle dersom det er behov for ekstra hjelp.

Kva krevst for å kunne jobbe som museumsformidlar?

– Eg har ein bachelorgrad i Kultur & leiing (som i dag heiter Creative Industries Management) frå Handelshøgskolen BI i Oslo. Grunnen til at eg velte denne utdanninga, er fordi eg elskar kultur, og hadde eit ønske om å jobbe som ein «kulturpotet» som eg liker å kalle det. Da får du moglegheit til å jobbe med dei aller fleste arbeidsoppgåver i kulturfeltet. I tillegg til kulturaspektet i utdanninga så lærar du om marknadsføring og sosiale medium, bedriftsøkonomi, psykologi, jus og mykje meir.

Det som er veldig viktig når du skal jobbe på museum og i kulturbransjen generelt, er å vere kreativ, sjå løysingar der andre ser problem, vere positivt innstilt til livet, men samtidig vere flink til å sette grenser. Eg er ein introvert person, men ekstrovert når eg må, og i denne jobben passar det meg perfekt.

I vinterhalvåret er det rolegare og mindre turistar, så da må du vere i stand til å finne eigne prosjekt å jobbe med eller jobbe med fellesprosjekt i team. I sommarsesongen er det mykje som skjer, så det å jobbe under tidspress er ein viktig eigenskap i jobben. Og så er jo dette eit serviceyrke, så du bør vere serviceinnstilt.

Kven passar dette yrket for, og kven passar det ikkje for?

– Dette yrket passar for deg som elskar kultur, historie, formidling og menneske, og ikkje minst det å snakke med menneske! Det passar viss du fungerer godt under press når det kokar, og det passar for deg som kan sitte å jobbe sjølvstendig med prosjekt. Du må også vere god til å jobbe i team.

Jobben som museumsvert vil ikkje passe viss du hatar historie og er folkesky. Det viktigaste i denne jobben er å ha interesse for faget.

Kva liker du best med å vere museumsformidlar?

– Å møte så mange forskjellige menneske! Når du går på museum lærar du om kvarandre sine ulike kulturar og tradisjonar, og det viser seg for at verda ikkje er så stor som mange kanskje trur. Det er også veldig fint å få lære barn og ungdom om historia vår og fortelje om korleis samfunnet har utvikla seg gjennom tidene. Å oppleve når barn får meistringsfølelse ved å lære nye ting, er ein veldig givande del av jobben min.

Kva liker du minst?

– Dette er eit serviceyrke, og folk er ikkje alltid like hyggelege mot folk i servicebransjen. Folk flest er hyggelege, men det hender det kjem sinte eller irriterte kommentarar, ofte handlar det nok om at turistar kan føle seg dumme eller ikkje forstå reglene eller informasjonen vi har. Men i ni av ti tilfelle er folk veldig hyggelege, altså.

Image
Museumsformidler Ingvild Førde står i resepsjonen og selger inngangsbilletter. Hun har brunt hår, briller og stripete genser
Lisens
1

Kva slags andre moglegheiter finst innanfor yrket?

– I mi stilling er det mange moglegheiter for vidareutdanning viss du ønsker det. Du kan ta pedagogutdanning, eller utdanning innan marknadsføring eller økonomi,- og administrasjonsfag for å gjere meir kontorarbeid. Du kan også jobbe med forteljekunst eller andre formdilingsfag. Folk eg studerte med, var musikare og kunstnarar, og andre jobbar i bokforlag eller på kulturhus og så vidare.

Kva kan ein forvente i lønn som museumsformidlar?

– Det varierer ut frå kva slags type bakgrunn og utdanning du har, og kva slags rolle du har i museumsyrket. Du får høgare lønn med ein mastergrad enn med ein bachelorgrad, for eksempel.

Korleis er sjansane for å få jobb som museumsformidlar?

– Eg vil si at det ikkje er så vanskeleg, men det kjem heilt an på kva slags jobb du ønsker deg. Da eg jobba på Norsk Folkemuseum, var eg tilkallingsvakt, og det passar perfekt for studentar, og det var også veldig mange som søkte. Jobben min her på Sandane, som er ein fulltidsjobb, hadde ein del søkarar. Det er mykje større sjanse for å få seg jobb på bygda enn i byene da det er færre søkarar.