Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
25. april 2024.
Om studiet
Studiet er først og fremst retta mot deg som vil undervise i faget Mat og helse i grunnskulen. Ramma for studiet er mat- og helsefaget sine samfunnsoppgåver i arbeidet med å fremje god helse, sosial trivsel og utjamning av sosiale skilnader. Skulefaget Mat og helse er både eit teoretisk og praktisk fag, og du skal i samsvar med læreplanen lære å planlegge undervisning som tek vare på begge desse sidene av faget. I studiet vert det lagt vekt på at mat- og helselæraren er ein ressurs for arbeidet med mat og måltid i skulen.