Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Emnet er særleg relevant for lærarar i grunnskulen som underviser i fag med programmering i læreplanen, men også andre som ønsker å inkludere programmering i sin undervisning. Studiet har tett fagleg oppfølging, tilbakemeldingar og diskusjonar, og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. I løpet av studiet vil du få kjennskap til grunnleggjande element innan programmering, som til døme løkker, variablar, operatorar og funkjsjonar. Du vil og lære om algoritmisk tenking og korleis eit dataprogram er bygd opp. Du vil øve på teknikkar for å lese og feilsøkje kode, og få ein stor verktøykasse med didaktiske metodar for å undervise i programmering på ein kreativ og variert måte. Studiet har ei avgift på kr. 2000, i tillegg til semesteravgift. Les meir i emneplanen her.

Undervisningsopplegg

Det vert nytta problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekke både praktisk programmering, didaktisk refleksjon og programmeringa sin plass i skulen.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3851

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning