Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
25. april 2024.
Om studiet
Nettstudiet har fokus på utvikling av ein kreativ og skapande digital praksis og kompetanse i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som del av det pedagogiske arbeidet. I lys av grunnleggande prinsipp for heilskapleg læring i barnehagen, som leik, omsorg og danning, vil du få forskingsbasert og praksisnær kompetanseutvikling, med eigen arbeidsplass som ein del av læringsarenaen. Studiet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. I dette ligg individuell utvikling men også utprøving og erfaringsdeling og evaluering i eige kollegium. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for framtidas barnehage Utdanningsdirektoratet (UDIR).