Utdanningstilbud
Om lærestedet
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er ein offentleg godkjend privat høgskule som tilbyr Nordens einaste bachelorgrad i nyskaping og samfunnsutvikling, og fleksible høgskulekurs med fokus på verdiskaping og entreprenørskap.
Høgskulen ligg i Bryne sentrum i Time kommune.
HGUt skal vera ein leiande kunnskapsleverandør for levande og livskraftige bygdesamfunn.
Studiane ved HGUt er nett- og samlingsbaserte. Dette gjer høgskulen tilgjengeleg for studentar frå heile landet. Det er kortare samlingar frå september til mai/juni, og studiane kan gjennomførast på heiltid eller deltid.
Alle studiar er godkjende for lån/stipend i Lånekassen. Det er ei studieavgift.