Grunnskole
10 år
Grunnskolen omfattar alle barne- og ungdomsskolar i Noreg, og er ein tiårig obligatorisk skolegang for barn frå seks år.
Barn har rett og plikt til grunnskoleopplæring. Offentleg grunnskole er gratis og driftast av kommunen.
Dersom du ikkje har gjennomført grunnskolen, men har annan skole- eller arbeidserfaring, kan vurdering av din realkompetanse gi moglegheit for vidare utdanning.