
For karriereveiledere og sektor
Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget handlar om å framstille trelastprodukt og komponentar i limtre som inngår i bygningar, bruer, interiør og trevarer. Faget medverkar til at lærlingane får kompetanse i å utnytte råstoff, framstille trelastprodukt, tilarbeide limtre og kombinere limtrekomponentar med andre materialar og produkt. Det handlar vidare om å utnytte skog og trevirke som ei kjelde til råstoff. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar til å framstille treprodukt som gir varige og miljøvennlege og energieffektive konstruksjonar og sikrar estetisk uttrykk.
Se mer informasjon om videregående opplæring på vilbli.no.