
For karriereveiledere og sektor
Vg3 bilpleiefaget handlar om bilpleie på køyretøy og utstyr. Faget medverkar til at lærlingane lærer å utføre ettersyn, vedlikehald og utbetring av alle typar interiør og eksteriør. Faget skal medverke til ei meir berekraftig utvikling i samfunnet ved å fremje forståing for at miljøvennlege produkt, gjenbruk av materiell og varetaking av materielle verdiar kan vere med på å redusere belastninga på klimaet og miljøet. Vidare skal bilpleiefaget fremje fagleg identitet, vise fram yrkestradisjonane og medverke til at arbeidslivet har kvalifiserte bilpleiarar.
Se mer informasjon om videregående opplæring på vilbli.no.