
For karriereveiledere og sektor
Vg2 sal, service og reiseliv handlar om å utvikle kommersiell og administrativ forståing gjennom innovasjon, skaparglede, marknadsføring, forretningsdrift og risikovurdering for å bidra til ei effektiv og berekraftig verksemd. Gjennom utforsking av arbeidsformer skal elevane byggje og halde ved like profesjonelle relasjonar, koordinere og administrere arrangement og førebyggje og handtere risikosituasjonar. Programfaga skal ruste elevane til å tilpasse serviceopplevingar til ulike målgrupper og marknader og gjere dei i stand til å informere, kommunisere og samhandle med ulike servicemottakarar. Dette handlar om å utnytte lokale, nasjonale og internasjonale ressursar på ein berekraftig måte for å skape meirverdi i samfunnet.
Se mer informasjon om videregående opplæring på vilbli.no.