Læreplan

Læreplan i
Vg2 Matfag

Programområdet for matfag skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan bearbeiding av råvarer og produksjon av mat. Tilgangen på mat og utviklinga av tilverkings- og oppbevaringsmetodar har lagt grunnlaget for mattradisjonane i Noreg, og har betydd mykje for samfunnsutviklinga. Det blir stadig utvikla nye produktområde. Programfaga skal medverke til brei innsikt i ulike produksjonsprosessar og oppøving av handverksmessige ferdigheiter. Vidare skal dei medverke til å ta vare på og vidareutvikle viktige norske og samiske mattradisjonar. Programfaga skal også medverke til å møte sterk internasjonal konkurranse og behov for teknisk kyndige og skapande menneske i matbransjane.

Opplæringa i matfag skal utvikle forståing av samanhengen mellom råvarer, produksjon, kosthald og ernæring. Vidare skal opplæringa fremje evne til å møte utfordringar innanfor teknologi, handverk og kundebehandling. Opplæringa skal medverke til personleg vekst og til å utvikle evne til samarbeid, sjølvstende, etisk refleksjon, kreativitet, initiativ, omstilling og problemløysing.

Opplæringa skal leggjast til rette slik at det blir lagt vekt på praktisk arbeid og samarbeid med det lokale næringslivet. Gjennom utvida fagleg kompetanse skal den enkelte få betre grunnlag for å velje vidare utdanning og framtidig yrke.

Samarbeidsavtaler i hele landet
Hele landet

BAKERN MO I RANA AS Vis 4 avtaler
FINDUS NORGE AS Vis 13 avtaler
MENY SARTOR Vis avtale
KYSTENS MATHUS AS Vis 10 avtaler
LERØY NORWAY SEAFOODS AS AVD MELBU Vis avtale
LÆRLINGEKONTORET I SALTEN Vis avtale
GRILLO CATERING AS Vis 4 avtaler
Det finnes 34 samarbeidsavtaler mellom skoler og bedrifter, hvorav 34 passer dine kriterier.