Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Master, 5 år

Studiepoeng

300.00

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

REALFA

Poenggrenser 2020

  • 45.50 (primær)
  • 49.70 (ordinær)

Studieplasser

28

Søknadskode (SO)

184827

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Havbruksnæringa er peikt ut som ei av Noregs viktigaste næringar i framtida. Som fiskehelsebiolog vil du gjennom forståing av biologien til organismar og korleis immunsystemet til fisken fungerer, ha kunnskap som er særs viktig for å ha ei berekraftig oppdrettsnæring i framtida. På studiet i fiskehelse lærer du om alle dei aspekta som heng saman med helse og sjukdom hos akvatiske organismar. Du får grundig innsikt i infeksjonssjukdommar forårsaka av virus, bakteriar, sopp og parasittar, også får du ei innføring i ernærings- og miljøforhold som er viktige for fiskehelse. Du lærer om korleis sjukdom påverkar fisken, om førebyggande tiltak og diagnostikk, og om korleis ein behandlar sjukdom. Du vil få også få kunnskap om organisering og lovverk knytt til oppdrett og sjukdom og ei innsikt i havbruk og sjukdom i eit globalt miljø- og helseperspektiv. Studiet skal skjerpe dei etiske refleksjonane dine og medvitet ditt når det gjeld dyrehald og dyreforsøk. Når du har gjennomført profesjonsstudiet i fiskehelse, får du rett til den lovbeskytta tittelen fiskehelsebiolog. Fiskehelsebiologar kan førebygge og behandle sjukdom hos fisk og andre akvatiske organismar. Dei skriv også ut reseptar på legemiddel til havbruksnæringa.

Fiskehelsestudiet har ei naturvitskapleg basis og profil. Studentane lærer gjennom forskingsbasert undervisning om akvatiske organismars biologi, om patogen og om innverknad av miljøfaktorar, dvs. om forhold som kan medføre utvikling av sjukdom og skade. Studentane lærer framtidsretta og hensiktsmessige metodar for diagnostikk, samt gis ei grundig innsikt i førebygging og behandling av sjukdom og skader hos akvatiske organismar.

Utdanninga innan fiskehelse dekker eit bredt spekter som omfattar virke innan havbruksnæringen, fiskehelsetenesta, forvaltning, samt utdannings- og forskingsinstitusjonar. Utdanninga gjer særlig innsikt i akvatiske organismars biologi og interaksjonar mellom disse, patogene, og ytre miljøfaktorar. Vidare, famnar utdanninga den primære fiskehelsetenesta og gjer innsikt i organisering og lovverk knytte til oppdrett og sjukdom. Studiet bidrar til å skjerpe studentanes etiske refleksjonar og bevisstheit om dyrehald og dyreforsøk, fremmer respekt og forståing for biologiske forhold og gir innsikt i globale miljø- og helseperspektiv. Gjennom faglig fordjuping utviklar studentane sjølvstendig kritisk, vitskapelig tenking og bevisst tilnærming, tolking og framstilling av forskingsresultat.

Programmet tilfredsstiller de krav som settast til autorisasjon som fiskehelsebiolog, og det stilles derfor strenge krav til studiets innhald og de fleste element i studieplanen er derfor obligatorisk. Studentar som har oppnådd master i fiskehelse får den lovbeskytta tittelen Fiskehelsebiolog (Aquamedicine biologist), etter søknad til Mattilsynet. Fiskehelsebiolog er sidestilt med tittelen veterinær i norsk lovverk og kandidatar som har fått tildelt tittelen har same rettar som veterinærar når det gjeld å behandle sjukdom i havbruksnæringen. Tittelen gjer avgrensa reseptrett.

Karrieremuligheter

Det har vore stor etterspørsel etter fiskehelsekandidatar og alle kandidatar i fiskehelse har fått jobb rett etter avslutta studium.

Du kan jobbe som autorisert fiskehelsebiolog i fiskehelsetenesta og havbruksnæringa. Du kan også jobbe med vaksineutvikling i farmasøytisk industri, eller du kan få jobb i Mattilsynet og jobbe med tilsyn og forvaltning av havbruksnæringa eller institusjonar innanfor utdanning og forsking.

Fiskhelsekandidatar er også kvalifiserte for vidare doktorgradsstudium på fagfeltet.

Kvalifikasjon/tittel

Master i fiskehelse