Masterprogram i religionsvitenskap favoritt ikon

Universitet og høgskole

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Om studiet

Religionsvitskap er det historiske og systematiske studiet av religion som eit kulturelt fenomen. Perspektivet er krysskulturelt, og ei samanliknande tilnærming er innebygd i studiet. Denne tilnærminga inneber at faget er meir enn det separate studium av dei enkelte religionane; det er eit breitt studium av religion som eit eigenarta menneskeleg fenomen. I dette studiet er det eit gjensidig samspel mellom generell religionshistorisk innsikt og fordjuping på avgrensa felt.

Dei religiøse verdsoppfatningane og verdinormene spelar ei nøkkelrolle for forståinga av menneskeleg kultur. Ei vidare målsetting for faget er såleis at det skal kunne fungere som ein innfallsport til idé- og åtferdstradisjonar i kulturtradisjonar i eit globalt perspektiv.

 

Masterprogrammet i religionsvitskap skal utdjupe studentane sine kunnskapar om teoretiske og metodiske spørsmål i faget og gi fordjuping i eit valfritt emne av historisk eller systematisk karakter.

Opptakskrav

For å bli tatt opp på mastergradsstudiet i religionsvitskap må studenten ha oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande, og det krevst normalt ei spesialisering på til saman minst 90 studiepoeng i religionsvitskap. Ein kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå andre fag.

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i religionsvitskap på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i religionsvitskap, må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mars. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/ vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Informasjon om opptak

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-h...

Kvalifikasjon/tittel

Master i religionsvitenskap