Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.
Om studiet
Masterprogram i helse og samfunn skal med sin tverrfaglege og profesjonsovergripande profil gi inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar med vekt på ein vitskapleg og problematiserande innfallsvinkel. Samfunnsvitskaplege, humanistiske og biomedisinske perspektiv gir ulike utgangspunkt for forståing av sentrale aspekt ved dagens helseutfordringar. Studentane skal gjennom studiet utvikle ei kritisk tilnærming til kunnskap og kunnskapsutvikling. Videre skal studentene på sjølvstendig vis gjøre bruk av teori og metodologiske tilnærmingar i utvikling av forskingsspørsmål, forskingsdesign og analyse av publisert forsking. Studiet gir fagleg breidde og fordjuping som grunnlag for forsking og fagutvikling i ulike profesjonelle kontekster. Studiet gir mogelegheit for utveksling i eit internasjonalt forskningsmiljø.
Gjennom introduksjonsemnet HELSAM301 får studentane innsikt i sentrale helseutfordringar i dagens Noreg. Dei vert utfordra til å reflektere over deira kompleksitet og samfunnsmessige kontekst, og til å sjå helseutfordringane frå ulike teoretiske grunnperspektiv. Studentane skal vidare tileigne seg kunnskap om akademisk skriving og trinna i ein forskningsprosess. Dei obligatoriske emna HELSAM302 og HELSAM303 gir grunnleggjande kunnskap om vitskapleg tenking, forskingsetiske problemstillingar og ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane vel deretter mellom metode-emne som vektlegg respektivt kunnskap om kvalitative eller kvantitative forskingstilnærmingar og -tradisjonar i emna HELSAM304 og HELSAM305. Den valde fordjupinga i metodiske tilnærmingar blir vidareført i masteroppgåva.
Det er mogleg å velje mellom tre retningner i studiet:
Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar
I studieretninga ulike perspektiv på sentrale helseutfordringer (UPSH301 og UPSH302) skal studenten tileigne seg inngåande kunnskap om eit biomedisinsk, eit antropologisk og eit fenomenologisk grunnperspektiv på sentrale helseutfordringar. Studentane skal vidare tileigne seg avansert kunnskapom arbeid og helse, ei aldrande befolking og ulikskap i helse i ein nordisk kontekst, og med vekt på forskningsbasert kunnskap og aktuell teori. Det vert fokusert på etiske og politiske føresetnader og implikasjonar for utvikling og handtering av kunnskap.
Genetisk rettleiing
I studieretninga genetisk rettleing (GENV301, GENV302, GENV303) skal studentane tileigne seg ein heilskapleg kompetanse om medisinsk genetisk verksemd i Noreg og utviklinga innan medisinsk bruk av bioteknologi. Studieretninga tar opp den psykiske og eksistensielle påkjenninga genetisk risikoinformasjon kan ha for pasient og familie, og forholdet mellom medisinsk bruk av bioteknologi og helse vert problematisert. Det er mogeleg å velje mellom ei klinisk fordjuping i genetisk rettleiing, med ei masteroppgåve tilsvarande 30 sp og 30 sp klinisk praksis, og ein meir forskingsretta master med ei oppgåve på 60 sp.
Yrkeshygiene
I studieretninga yrkeshygiene (INTH331A og INTH334B) skal studentane få ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt kunnskap om førebyggjande tiltak relatert til dette.