Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Studietempo

Heltid

Om studiet

Studieprogrammet sitt mål er å gi ernæringsfagleg kunnskap knytt til omsetting av næringsstoff og kosten sin betydning for ein organisme. Programmet si tverrfaglige innretning gir eit fagleg og metodisk grunnlag for forsking, næringsmiddelindustri, og andre områder der ernæringsfagleg kunnskap er etterspurt.

Master i human ernæring tar opp tema som fysiologi, forsøksdyrlære, forskningsetikk og forskningsmetoder. Metodar som blir nytta i studiet kan til dømes være kosthaldsregistrering, næringsstoffanalyse eller biokjemiske/molekylærbiologiske teknikkar.

Studiet er delt i ein teoretisk og ein forskingsretta del der ein skal skrive ei masteroppgåve. Oppgåva omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid under rettleiing. I oppgåva skal ein løyse ei praktisk problemstilling, behandle eigne data og gi ei skriftleg framstilling av hypotesar, resultat og konklusjonar.

Kvalifikasjon/tittel

Master i ernæring

Alle utdanninger innen