Masterprogram i arabisk favoritt ikon

Universitet og høgskole

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Om studiet

NB! Master i arabisk ved Universitetet i Bergen er vedtatt nedlagt frå hausten 2018. Kontakt UiO for informasjon om deira master i Asia- og Midtausten-studier.

Mastergraden i arabisk skal gi studentane djupare fagleg og metodisk innsyn, dels gjennom eit utvida studium av språket og dels gjennom eit djupare studium av eit avgrensa område, der studentane får rettleiing. Det problemet som masteroppgåva konsentrerer seg om, kan til dømes vere språkvitskapleg, litteraturvitskapleg, historisk, religionshistorisk, resepsjonshistorisk, osb. Det kan òg liggja innanfor andre disiplinar som til dømes økonomi, politikk, jus, utviklingsstudiar, sosionomi, med meir, når studenten kan presentera gode grunnar for det. I slike høve vil studenten kunna få ein siderettleiar frå eit relevant institutt eller senter. I oppgåva skal en vise at en har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode.

Opplegget skal både kontrollera og utdjupa dei allmenne språkkunnskapane og teoretiske kunnskapane som studentane vil trenga for å bruka arabisk som forskingsreiskap. Oppgåva skal vise at studentane har førstehandskjennskap til kjeldematerialet, kritisk overblikk over tidlegare forsking og evne til å bruke vitskapleg synsmåte og metode. 

Karrierevegar

Masterprogrammet i arabisk kvalifiserer for arbeid der kunnskap i arabisk er etterspurt, for eksempel i institusjonar i Noreg som har kontakt med arabisktalande land. Innanfor media og journalistikk trengst det folk med kunnskap om arabisktalande land og arabisk språk og litteratur, og internasjonale organisasjonar og delar av næringslivet som rettar seg mot marknader i Midtausten har tidvis bruk for konsulentar, ekspertar og hjelpearbeidarar med arabisk språk- og kulturkompetanse. Utdanninga kan også brukast til undervisning og forsking ved universitet, høgskolar og forskingsinstitutt.

Kvalifikasjon/tittel

Master i arabisk