Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Universitetet i Bergen

Studiepoeng

15

Semester

2

Studieform

Nettstøttet, samlingsbasert

Studietempo

Deltid

Om studiet

Kurset Kriminalomsorg som læringsarena er eit deltidsstudium som skal formidle forståing for det ideologiske, historiske, juridiske, etiske og kunnskapsbaserte grunnlaget for utdanning innanfor kriminalomsorga og relaterte utdannings- og opplæringsinstitusjonar. Studentane får forskingsbasert og praksisrelatert kunnskap om læring hos vanskelegstilte unge og vaksne. Undervisninga er difor sett saman av både teoretiske perspektiv og praktiske oppgåver. Gjennom førelesingar og feltarbeid får studentane kunnskap til å arbeida med unge og vaksne som er under soning, eller som er under habilitering etter soning.

Studiet tek opp dei mest vanlege vanskane hos menneske som viser antisosial åtferd og kriminalitet og aktuelle vaksenpedagogiske tiltak. Dette inneber kunnskap om systemiske forhold knytte til straff og soning, der det særleg blir lagt vekt på støttesystem under og etter avslutta soning.

Målgruppe for studiet er tilsette innan kriminalomsorg, skule- og opplæring, barnevern eller i anna sosialfagleg arbeid. Studentar som ønskjer å ta kurset som ein del av ein mastergrad eller eit profesjonsstudium kan også søke.

Undervisninga vil bli gitt ved UiB i form av førelesingar og seminar, fordelt på to samlingar om våren og to samlingar om hausten. Ekskursjon til alternativ opplæringsarena er inkludert.

Nytt opptak i løpet av hausten 2020, for oppstart i januar 2021.

Alle utdanninger innen