Bachelorprogram i petroleum- og prosessteknologi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Verda står ovanfor tøffe klimautfordringar. Mengda skadelege utslepp skal reduserast, samstundes som vi skal imøtekomme verdas stadig veksande energibehov. Skal vi nå måla må vi utvinne og nytte dei tilgjengelige energiressursane våre meir effektivt. Noregs olje- og gassindustri vil sette høge krav til kompetanse innanfor petroleum- og prosessteknologi i åra som kjem. Kunnskap innanfor petroleumsteknologi er nødvendig for å lokalisere og karakterisere olje- og gassreservoar, og for å sikre effektiv utvinning av ressursane. Prosessteknologi gir kunnskap om korleis ein kan vidareforedle naturressursane, og kunne framstille best mogeleg produkt for marknaden og miljøet. Gjennom studiet opparbeider du deg solid kunnskap innanfor naturvitskapelege- og teknologiske fag. Studiet inneheld emne innanfor geologi, kjemi, fysikk, matematikk og teknologi. Studiet gir ein brei fagleg bakgrunn som gjer deg godt rusta til å løyse tverrfaglege problemstillingar i industrien. Det gir også grunnlag for vidare fordjuping og masterstudium.    

Studienivå

Bachelor, 3 år

Søknadsfrist

15. april 2018

Studiepoeng

180

Om studiet

Studieprogrammet skal utnytte forskinga innan fagfeltet til å utdanne kandidatar med teknologisk kompetanse innanfor petroleum- og prosessteknologi, og danne grunnlag for vidare studiar.

Programmet kombinerer dei klassiske realfaga fysikk, matematikk og kjemi med geologi for å gi eit solid fagleg fundament for arbeid i olje- og gassindustrien. I starten av studiet blir det lagt stor vekt på å gi deg eit godt grunnlag i dei basisfaga som er nødvendige for å gi ei djupare forståing for dei fysiske og kjemiske prosessane som er knytte til olje- og gassutvinning. Fagfeltet petroleumsteknologi er særleg retta mot reservoarskildring og modellering av strøyming i porøse media i undergrunnen, medan fagfeltet prosessteknologi konsentrerer seg om transport og vidareforedling av olja og gassen etter at råvarene har kome til overflata.

Karrierevegar

For å løyse dei utfordringane som olje- og gassindustrien kjem til å støyte på i åra framover trengs ny kompetanse. Ei forskingsbasert og tverrfagleg utdanning vil gjere deg rusta til å løyse stadig meir komplekse problemstillingar knytt til effektiv energiutvinning og -produksjon.

Nokre av våre tidlegare studentar jobbar i oljeselskap og serviceselskap. Andre jobbar med utvikling og framstilling av produkt innanfor kjemisk, metallurgisk og mekanisk prosessindustri. Ein viktig del av jobben er å bruke kunnskapen frå studiet til å gjere produksjonsprosessar best mogeleg. Du blir rusta til å sjekke kvalitet og kvantitet på ferdig produkt, utslepp og kostnad.

Tar du ein mastergrad i petroleum- eller prosessteknologi, vil du få ein spissa kompetanse innanfor fagfeltet du vel. Mange arbeidsgivarar set pris på den breie kompetansen frå bachelorgraden i kombinasjon med evna til å fordjupe seg i spesialiserte fagfelt som ein tileignar seg gjennom arbeidet med mastergraden.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i naturvitenskap

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2018

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

184917